[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Paul Chaffey
Fødd
10. juli 1965, Oslo
Paul Chaffey på lansering av nye nettsider for gründere og gründertelefonen hos 657 i 2013
Paul Chaffey er tidlegare administrernde direktør i arbeidsgivarorganisasjonen Abelia og tidlegare statssekretær i regjeringa Solberg.
Paul Chaffey
Av /Stortingsarkivet.

Paul Chaffey er næringslivsmann, politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Akershus. Han gjorde comeback i rikspolitikken som Høgre-politikar og blei statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet ved regjeringsskiftet i 2013.

Bakgrunn

Paul André Chaffey er fødd i Oslo. Han var elev ved Valler videregående skole i 1981–1984, studerte ved Universitetet i Oslo og tok statsvitskap grunnfag i 1986 og grunnfag i historie i 1989. Han var tilsett i Statoil i 1997–2001, og han hadde ulike roller innanfor helse, miljø og tryggleik (HMT). I åra 2001–2013 var han administrerande direktør i Abelia, NHO-foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter.

Politisk karriere

Chaffey var ein sentral ungdomspolitikar for Sosialistisk Ungdom (SU). Han sat i styret for Bærum SU i 1983–1984 og i styret for Akershus SU i 1984–1985. I 1984–1985 var han fylkessekretær for Oslo SU, i 1985–1990 var han medlem av landsstyret i SU, og i 1989–1990 var han leiar av SU. Han var medlem av landsstyret og sentralstyret i Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1986–1989.

Som 24‑åring blei han i 1989 vald inn som stortingsrepresentant for SV frå Akershus. Han var stortingsrepresentant fram til 1997, den første perioden som medlem i utanriks- og konstitusjonskomiteen og den andre i energi- og miljøkomiteen. I 1997 slutta han som politikar, melde seg ut av Sosialistisk Venstreparti og tok etter kvart avstand frå dei tidlegare politiske synspunkta sine.

Ikkje uventa har han fått kritikk for det frå tidlegare meiningsfellar. Mellom anna Jon Michelet kalla Chaffey ein opportunist som bytte standpunkt når det passa han. Frå å vere imot norsk medlemskap i NATO og røyste nei til norsk medlemsskap i EU i 1994, meiner Chaffey i ettertid at Noreg bør vere medlem i begge desse organisasjonane.

Politisk var han svært oppteken av klima og miljø, og av dei sosiale ulikskapane i verda. Han hevda at det er mogleg å få til økonomisk vekst og samtidig kutte kraftig i klimautsleppa. Chaffey har òg endra meining om internasjonal handel. Han meiner at ein er tente med å byggje ned handelshindringar, er positiv til globalisering. Han har røysta Høgre sidan stortingsvalet i 2001.

Erna Solberg overtok som statsminister i 2013, blei Chaffey statssekretær for Jan Tore Sanner i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2019–2020 var han statssekretær for digitaliseringsminister Nikolai Astrup og i 2020–2021 var han statssekretær for distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Andre verv

Chaffey har hatt mange offentlege verv, mellom anna var han nestleiar i styret for Kompetansesenter for likestilling (Likestillingssenteret) i 1997–2002 og leiar for styret i Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) i 2002–2005. Han var medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastforbund (NGS) i 1984–1985, medlem av styret for Amnesty International i 2001–2005 og medlem av styret for Universitetet i Oslo i 2002–2009.

Utgjevingar

Han gav ut Lik rett til utdanning (1986) og Grønn framtid? (1989) og var ein av forfattarane av debattboka Åpen verden – et forsvar for globaliseringen (2004).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg