Det som gjorde at Halvorsen steig opp som ei stjerne på den politiske himmelen var måten han gjekk fram på under dei to store streikane, jarnbanekonflikten i desember 1920 og storstreiken i mai 1921.
Han var både statsminister og justisminister og møtte desse streikane med fast hand, men med stor vilje til å unngå provokasjonar og maktbruk. 13 000 jarnbanearbeidarar gjekk til streik, men måtte gi seg og gå attende til arbeidet etter 16 dagar. Dei fekk ikkje lønnsauke og tredjeparten av jarnbanearbeidarane måtte gå. Halvorsen hadde støtte frå eit stort fleirtal i Stortinget for å seie nei til kravet frå jarnbanearbeidarane.
Det neste vart storstreiken i mai 1921 som omfatta 150 000 arbeidarar, og mange såg for seg at no kom revolusjonen også i Norge. Lev Trotskij kalla streiken «den norske generalstreik», men heller ikkje denne streiken førte til noko. Dei arbeidstakarane streiken omhandla, sjømennene, måtte godta 17 prosent lønnsnedslag, men det var betre enn dei 33 prosent nedslag i lønna som arbeidsgivarane hadde stilt krav om.
Årsaka til at streikane slo feil, var sjølvsagt først og fremst det ekstremt raske fallet i konjunkturane som skjedde. Lønnsevna for arbeidsgivarane fall også drastisk, og dei hadde ikkje noko imot at bedriftene sto ei stund mens arbeidstakarane streika. Arbeidstakarane på si side fekk ikkje streikebidrag, og hadde ikkje feitt å tære på for nokon lang streik.
Politisk derimot var det Halvorsen, stats- og justisministeren som fekk æra for at streikane vart raskt og ryddig avvikla. Sjølv oppfatta han seg ikkje som spesielt hard og ubøyeleg, men snarare som forsonande og reformerande. Det sosiale samvitet hans var sterkt utvikla, og han var oppteken av å betre kåra til dei sjuke og fattige og dei som hadde dårlege butilhøve i byane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.