Monica Kristensen Solås
Faktaboks
- Fødd
- 30. juni 1950, Torsby, Sverige

Forsking og ekspedisjonar
Ho er dr.philos. (Cambridge-universitetet, 1984) og vart forskar ved Meteorologisk institutt i 1984. I 1994–1998 var ho regionleiar for Værvarslingen for Nord-Noreg i Tromsø, i 1998–2003 var ho administrerande direktør for Kings Bay AS i Ny-Ålesund, og i 2004–2005 var ho generalsekretær i Redningsselskapet. Ho har delteke på fleire ekspedisjonar til Antarktis, mellom anna i 1986–1987 og 1993–1994, gav ut boka Mot 90° sør (1987).
Forfattarskap
Ho debuterte som kriminalforfattar i 2007 med ein Svalbardkrim av godt merke – Hollendargrava. Sysselmannsbetjent Knut Fjeld får her si fyrste vanskelege mordsak, og etterforskar så nye saker i Kullunge (2008), Operasjon Fritham (2009), Den døydde i Barentsburg (2011) og Ekspedisjonen (2014). Ut frå det miljøet bøkene går føre seg i har nokon kalla henne «snødronninga til kriminalromanen». Ho har òg gjeve ut den dokumentariske boka Kings Bay-saka (2012).
Kommentarar (1)
skreiv Reidar Astås
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.