Marianegropa er ei djuphavsgrop i det vestlege Stillehavet, aust og søraust for øygruppa Marianane. Det største målte djupet er 10935 meter, noko som gjer ho til Jordas djupaste havgrop.
Marianegropa er forma som ei svakt bua renne og er om lag 2400 kilometer lang. På den djupaste staden i gropa er vasstrykket 107 millionar pascal, som svarer til et trykk på over 1000 atmosfærar.
Der havbotnplater møtest, blir den tyngste plata bøygd ned, og dermed blir det danna djupe groper. Tjukna og tettleiken til havbotnplater aukar med alderen. Marianegropa vart til ved at den eldre og tyngre Stillehavsplata sklei vestover og innunder den yngre og lettare filippinske plata.
Marianegropa er del av den såkalla ildringen som går rundt Stillehavet, der jordskjelv og vulkanutbrot er hyppige. Aktiviteten gjev ofte tsunami-bølgjer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.