[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Administrasjonssenter
Moi
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
3 226 (2024)
Landareal
354 km²
Høgaste fjell
Lindtjørnsknuten (731 moh.)
Innbyggjarnamn
lunddøl
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Lund kommune i Rogaland
Lund kommune i Rogaland fylke.
Kart: Lund kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tronåsen
Historisk veg over Tronåsen
Tronåsen
Lund kyrkje
Lund kyrkje
Lund kyrkje

Lund er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen ligg heilt søraust i Dalane og har grense til Agder.

Lund omfattar vestbreidda av det store Lundevatnet og dal- og heieområda nord og vest for dette, mellom anna Drangsdalen og dalføret til Storåna, likeins øvre del av Sokndalsvassdraget og Teksåna i Hellelandsvassdraget i nordvest (Heskestad sokn).

Lund fekk dei noverande grensene sine i 1965, då ein del av den tidlegare Heskestad kommune, det noverande Heskestad sokn, blei innlemma. Kommunen grensar i nordaust til Sirdal og i aust til Flekkefjord, begge i Agder, i sørvest til Sokndal og i vest og nord til Eigersund.

Natur

Berggrunnen består vesentleg av gneis, i heieområdet vest for Lundevatnet anortositt, og heilt i nordvest noritt, alt av grunnfjellsopphav. Landskapet er svært kupert, med ei mengd smådalar og vatn. Det er lite lausmassar utanfor dalane, og mange stader har heiane eit goldt preg, særleg der anortositten dominerer. Dei høgaste områda finn ein i heiane i nordaust med Lindtjørnsknuten (731 meter over havet) nær grensa til Sirdal kommune.

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på −0,2 °C, og den varmaste er juli med normal på 15,3 °C. Mest nedbør er det i desember med normal på 325,0 millimeter, og minst er det i mai med normal på 111,4 millimeter. Målingane er frå Eik – Hove målestasjon.

Busetjing

Ein stor del av innbyggarane i Lund bur i administrasjonssenteret Moi. Befolkninga elles er særleg konsentrert til Storåna sitt dalføre nord for Hovsvatnet og i dalføret med E39 og Sørlandsbanen (området Ualand/Heskestad) i vest.

Lund hadde nedgang i folketalet frå slutten av andre verdskrigenfram til 1970-talet. Sidan viste kommunen vekst i eit par tiår, deretter stagnasjon, men ny vekst igjen frå midten av 1990-talet. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,4 prosent årleg, mot 1,6 prosent i fylket samla sett.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Moi med 1964 innbyggjarar (2023). 61 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,7 km².

Kart over Lund kommune
Kart over Lund kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Industrien er den viktigaste næringsvegen i Lund med 33 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 39 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Trelast- og trevareindustri er den heilt dominerande bransjen med 92 prosent av sysselsetjinga i industrien, først og fremst på grunn av den største vindaugsfabrikken i landet (NorDan Johs. Rasmussen AS).

Jordbruket er i det alt vesentlege husdyrbruk, særleg storfe og sau, og dessutan noko hønsehald. Næringa omfattar sju prosent av arbeidsplassane i kommunen.

Lund er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Rogaland, men er ein relativt liten kraftkommune på landsbasis. Dei 15 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 89,0 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Haukland (i drift fra 1949), som står for om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Rusdalsåni (2019) og Drivdal (2008). Dalane Kraft er hovudeigar av om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Rusdalsåni Kraft med om lag ein femtedel.

Av yrkesaktive som er busette i Lund, har 29 prosent arbeid utanfor kommunen. I alt åtte prosent arbeider i kommunane på Jæren inkludert Stavanger, sju prosent i både Eigersund og Flekkefjord og i alt tre prosent i dei andre kommunane i Dalane (2016).

Samferdsel

E39 og Sørlandsbanen dannar ryggrada i kommunikasjonsnettet i kommunen. Fylkesveg 501 går sørover frå E39 i Heskestad til Hauge i Dalane i Sokndal kommune. Fylkesveg 4258 går nordover frå Moi til fylkesveg 42 i Sirdal.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Lund

Utsikt mot administrasjonssenteret Moi

Lund
Av /Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

På Moi ligg Lundheim folkehøgskole og ein fylkeskommunal institusjon for ungdom. I Hovsherad ligg Eik jordstasjon for satellittkommunikasjon.

Lund høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Regionråd Dalane saman med Bjerkreim, Eigersund og Sokndal.

Lund kommune svarer til dei to sokna Heskestad og Lund i Dalane prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Lund til Jæderen og Dalene fogderi (futedømme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Lund

For statistiske formål er Lund kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 13 grunnkrinsar:

  • Moi: Eike, Skåland, Eikeland - Lundestranda, Skulevold, Haukland, Auelandsstranda
  • Hovsherad: Hove, Rusdal, Eik
  • Ualand: Sandsmark, Refsland, Ualand, Eide

Historikk og kultur

Lund kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1812 i lafta tømmer og med nyklassisistisk eksteriør. Ved kyrkja ligg Lund bygdemuseum og ein restaurert husmannsplass, og dessutan det gamle bedehuset Fjellhaug. Der er også ein historisk frukthage underlagt Nordisk genbank. Ved Vigelandsvatnet i nordaust er det avdekt restar av eit stort jernvinneanlegg. Heskestad kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1904.

Vegen over Tronåsen er ei kjend historisk vegstrekning. Det var den første som blei bygd for hjulkøyretøy mellom Stavanger og Oslo. Strekninga ligg på grensa mellom Lund og Flekkefjord. Det er ein bratt og smal slyngveg, som stod ferdig som del av Vestlandske hovedvei i 1844 etter meir enn 50 års arbeid. Største stigning er 1:3 med åtte slyng på Moi-sida, tre mot Sira. Vegen var i bruk fram til 1945, då jernbanen blei lagd i tunnel og jernbanesporet kunne bli vegtrasé. Strekninga var ein berykta del av Rally Monte Carlo i 1931. Når bommen er open, normalt frå 1. mai til 30. september, kan vegen køyrast på eige ansvar.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har tre gullfarga eikenøtter i trepass mot ein grøn bakgrunn. Dette illustrerer tradisjon og framtid.

Namnet er eit gardsnamn (prestegarden) som kjem av norrønt lundr, ‘lund, liten skog’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hadland, Arne: Lunds historie i ord og bilder, 1991
  • Mehus, Ingjald og Heskestad, Olav: Lunds historie, 1961–1986, to bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg