[go: up one dir, main page]

Sofa

Sofaen Hal av Norway Says var saman med andre produkt viktig då LK Hjelle revitaliserte bedrifta.

LK Hjelle er ein norsk møbelprodusent med hovudkontor i SykkylvenSunnmøre. Med sofaer som Hal og Ugo har dei hausta internasjonal heider.

Faktaboks

Også kjend som

LK Hjelle Møbelfabrikk AS

Oppstart

Bedrifta blei starta i 1940 av Lars Karl Hjelle, med kallenamn LK, og dei to svograne hans Arne Welle og Petter Furseth. Dei ønskte å skaffe fleire arbeidsplassar i bygda og engasjerte derfor arbeidsfolk rundt på gardane som snikra stolar og divanar ved sida av gardsdrifta. Ein av Hjelles første designarar var sambygdingen Adolf Relling, som i 1943 starta opp Rastad & Relling Tegnekontor.

I starten føregjekk produksjonen til bedrifta i fleire kjellarlokale i Sykkylven, men i 1947 bygde dei eit stort lokale for produksjonsverksemd på industriområdet Vikøyra. Bygningane blei lagde ved sjøkanten for å gjere varetransporten enklare. I 1944 blei Lars Karl Hjelle eineeigar. LK Hjelle Møbelfabrikk AS blei aksjeselskap i 1966.

Profesjonelle designarar

Karl Edvard Korseth

Sofa
Karl Edvard Korseth. Modell: Mexico. Produsert av LK Hjelle. I produksjon frå omkring 1961/1962.

På 1950- og 1960-talet teikna Karl Edvard Korseth ei mengd modellar for LK Hjelle. Stilen hans var internasjonalt orientert og tidvis amerikanskpåverka. Rundt midten av 1950-åra var fleire av Korseths stolar med kryssforma beinkonstruksjonar. Annleis var den låge benken hans med tynn setepute og skrå puter i ryggen. Stilen var japansk minimalisme og antakeleg berekna for eksport.

Gerhard Berg

Stovemøblement

Gerhard Berg. Modell: 14. Produsert av LK Hjelle. I produksjon frå første halvdel av 1960-talet.

Stovemøblement
Av .

Møbeldesignaren Gerhard Berg var viktig for LK Hjelle på vegen mot den internasjonale marknaden. Då den tidlegare samarbeidspartnaren hans Hareid Bruk gjekk konkurs, overtok LK Hjelle i 1958 fleire av Berg-modellane til firmaet. Blant dei den høgrygga lenestolen Sande H, som allereie selde godt i USA. Mindre kjent er Bergs stovemøblement Norse med vangar i ein elegant skrå vinkel. I kombinasjonen svart hud og palisander var Norse ein av dei meir vellykka modellane på 1960-talet. Kjell Slinning formgav Pondus det same tiåret for LK Hjelle, og som Norse hadde Pondus vangar med skrå vinkel.

Møre Designteam

Stol

Møre Designteam. Modell: Golf. Produsert av LK Hjelle. Ca. 1973.

Stol
Av .

I 1970 byrja LK Hjelle samarbeidet med det nyetablerte designarfellesskapet Møre Designteam. Dei deltok med møblane Ecco og Z i Bransjerådet for møbel- og innredningsindustriens konkurranse. Ecco blei tildelt førstepremie medan Z blei innkjøpt. Møre Designteam teikna også frisvingarmodellen Golf i laminert tre for firmaet.

Omstruktureringar i norsk møbelindustri

1970-talet baud på ein del utfordringar for norsk møbelindustri. LK Hjelle måtte tenkje nytt og kom med ein del rimelegare modellar, mellom anna Sven Erik Jensens modell 3300 i blokkskoren skumplast.

Alberta og klassisk design

På 1980- og 1990-talet gjekk LK Hjelle i ei ny retning med møblar tufta på klassisk design. Einar Egenes sin sofa Alberta blei økonomisk viktig for firmaet. Sofaen Anne til Anne Østlyngen følgde engelsk møbelformgiving med svinga armlene, tjukke puter og kulebein. LK Hjelle forma ut sofaene Viva og Victoria på liknande grunnlag som dei to førstnemnde. Einar Egenes og Ole Jørgen Mørk teikna høvesvis Anitra og Hankø, to klassiske seriar som hadde likskapar møblane til Alf Sture og Hødnebø. Eit utanlandsk innslag var nederlendaren Marten Haaksten. Sofaen hans Apollo blei tildelt Merket for god design i 1999.

Revitalisering

Ugo
Sofaen Ugo, designa av Norway Says og produsert av LK Hjelle.

Dagleg leiar Dag Hjelle ønskte rundt år 2000 å omdefinere og revitalisere familiebedrifta til å igjen bli leiande innan norsk design. Etter at designargruppa Norway Says hadde gjort suksess på Salone Satellite, talentdelen av møbelmessa Salone Internazionale del Mobile i Milano, byrja samarbeidet om å forme ut nye sofaer for LK Hjelle. Break representerte med det delte setet sitt noko annleis og iaugefallande. Modulmøblementet Ugo, som førte tankane tilbake til det leikne, alternative 1970-talet, blei tildelt både Merket for god design og Wallpaper Design Award 2004.

Samarbeid med Anderssen & Voll

Mono
Sofaen Mono, designa av Anderssen & Voll. Produsert av LK Hjelle.

Etter at Norway Says blei oppløyst i 2009, fortsette LK Hjelle samarbeidet med designfirmaet Anderssen & Voll. Dei styrkte designprofilen til LK Hjelle ytterlegare. Først ut var stolen Eva, som blei teikna på oppdrag frå landskapshotellet Juvet i Valldal i 2010. Sofaen Mono er nærmast eit grafisk produkt med tydelege vertikalar og horisontalar og eit definert sete. Sofaen føyer seg inn i minimalismen i nyskandinavisk tolking.

Kvalitet og komfort

Med stolen Kavai har Hallgeir Homstvedt tydeleg teke LK Hjelle tilbake dit dei ønskjer å definere seg – skandinavisk design med vektlegging av form, kvalitet og komfort. Kavai har mange historiske referansepunkt, som den modernistiske klubbstolen frå 1920-talet og Finn Juhls logiske konstruksjon med søkjelys på det berande og det borne. Trass i historisk ballast har Homstvedt skapt eit arbeid som står på eigne bein.

Eksport

LK Hjelle var opptekne av eksport av møblane sine, og på 1960-talet var eksportdelen på over 60 prosent. Fram mot 1980-talet blei mykje av produksjonen eksportert til mellom anna USA, Canada, Sveits, Tyskland, Nederland og Danmark. I desse åra konsentrerte mange marknader seg om Scandinavian design, og fleire norske produsentar hadde stor framgang.

I dag skjer omsetninga av LK Hjelles produkt også i mange land utanfor Noreg. Produkta blir eksporterte til land som Sverige, Danmark, Japan, New Zealand, USA, Canada, Sveits og Frankrike. Kundane er både bedrifter og privatpersonar.

Klassisk og moderne

Lenestol
I 2014 fekk LK Hjelle produksjonsrettar til Ingmar Rellings designklassikar Siesta.

Dei historiske røtene har blitt tydelegare i LK Hjelles produktportefølje sidan tusenårsskiftet. Men det er ikkje berre med designarar som Norway Says, Anderssen & Voll og Hallgeir Homstvedt. Firmaet har også inkorporert to viktige designklassikarar i kolleksjonen. Fredrik Kaysers armlenestol 711 blei overdregen frå Vatne Møbler. I 2014 fekk LK Hjelle også rettane til å produsere Ingmar Rellings Siesta. Relling teikna elles fleire modellar for firmaet på 1960-talet, blant dei seksjonsmøblementet Prior.

Drift

Etter Lars Karl Hjelle overtok sønene Jarle og Lars Hjelle leiinga av bedrifta. I dag er LK Hjelle eigd av LK Hjelles barnebarn Dag Hjelle (f. 1964), som er dagleg leiar i familiebedrifta.

LK Hjelle hadde i 2021 ei årsomsetning på 53,4 millionar kroner.

Prisar

  • Designprisen 1971, Norsk Designråd
  • Hal – Hedersprisen for godt design 2003
  • Ugo – Merket for godt design 2004
  • Ugo – Wallpaper Design Award 2004
  • Break modell – Merket for godt design
  • 2004 Tipo modell – Merket for godt design
  • 2005 Eve – Elle Interiörs Designpris 2006
  • Enveloppe – Bo Bedre Design Award 2010
  • Eva – Designprisen 2010, frå Norske Industridesignere og NTNU
  • Mono – Merket for godt design 2012
  • Kavai – Årets Stol, Elle Decoration Awards 2013
  • Sol – Årets Møbel, Elle Decoration Awards 2013
  • Molto – Dialog Furniture of the Year, Bo Bedre Design Awards 2014

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gusrud, Svein & Linder, Mats (2017). Norske stoler, Gaidaros forlag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg