Karina er eit kvinnenamn som er utvikla av Katrina som i sin tur går tilbake til Katarina (brukt på 1100-talet i Sverige). Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.
Karina (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Karina
Eksempel på ein person med namnet Karina som er omtalt i Store norske leksikon:
- Karina Hollekim (1976)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 112 kvinner i Noreg som hadde Karina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 jenter som fekk namnet Karina.
Utvikling i bruk av namnet
Endinga -ine var mykje meir brukt enn -ina på 1800-talet, og dette kjem også fram i kurvene for for Karine og Karina. I siste halvdel av 1900-talet endra dette seg: Nå vart Karina – og stavevarianten Carina – populære. I Sverige er Karina og Carina mykje meir brukte enn Karine og Carine. Det er truleg svensk påverknad som ligg bak oppsvinget for Karina og Carina i siste halvdel av 1900-talet, for i Sverige låg både Karina og Carina på topp 1960–1964. Det kan elles nemnast at -ina er den vanlege endinga i Sverige, mens -ine er mest utbreidd i Noreg. Såleis vart den svensk-norske dronninga på 1800-talet omtalt som Josefina i Sverige, Josefine i Noreg. Ho levde frå 1807 til 1876.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.