[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Irvin D. Yalom

Irvin David Yalom

Fødd
13. juni 1931, Washington, D.C., USA
Irvin D. Yalom
Irvin D. Yalom 2014.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Irvin D. Yalom er ein amerikansk forfattar og psykiater. Han har hausta høg anerkjenning for ei rekkje faglitterære verk, og arbeidet hans har konsentrert seg spesielt om gruppeterapi. Mellom anna har han skrive The Theory and Practice of Group Psychotherapy, ei psykiatrisk lærebok med fyrste utgåve i 1970, som i åra etterpå har vore revidert og gjenutgitt, sist i sjette utgåve i 2019.

Bakgrunn

Yalom vart fødd av russiske immigrantar og voks opp i Washington D.C.. Han byrja utdanninga si innan medisin ved Boston School of Medicine i 1956 og tok seinare spesialisering innan psykiatri. Etter eit opphald som kaptein i den amerikanske hæren byrja han å arbeide med psykiatri ved Stanford-universitetet, fyrst som undervisar og seinare som professor. Han hadde òg stillingar ved andre høgare utdanningsinstitusjonar gjennom karrieren sin og har frå 1994 vore professor emeritus ved Stanford. I sitt virke som psykiater har han arbeidd mykje med psykoterapi, ofte med grupper, noko han òg har skrive og arbeidd mykje med.

Han har skrive ei lang rekke bøker som har blitt omsett til fleire språk. Blant anna har Momma and the Meaning of Life: a Collection of True and Fictionalized Tales of Therapy (1999) blitt omsett til norsk (Mamma og meininga med livet: terapeutiske forteljingar, 2000), det same har When Nietzsche Wept (1992; norsk omsetjing Då Nietzsche gret, 1997) og Lying on the Couch (1996; norsk omsetjing Dobbeltspill i sjeledypet, 1999). Av fagbøker bør boka Existential Psychotherapy (1980) òg trekkjast fram som eit viktig bidrag innan psykoterapi og psykiatri. Yalom har hausta brei internasjonal anerkjenning for bøkene sine, med ei heil rekke prisar.

Forfatterskap

Yalom er vidkjend for bøkene sine innan både skjønnlitteratur og faglitteratur relatert til fagfeltet sitt, og under følgjer ei liste frå forfattarens eigen heimeside.

  • The Theory and Practice of Group Psychotherapy (1970)
  • Encounter Groups: First Facts (1973)
  • Everyday Gets a Little Closer (1974)
  • The Theory and Practice of Group Psychotherapy, Second Edition (1975)
  • Existential Psychotherapy (1980)
  • Inpatient Group Psychotherapy (1983)
  • The Theory and Practice of Group Psychotherapy, Third Edition (1985)
  • Love's Executioner and Other Tales of Psychotherapy (1989)
  • Concise Guide to Group Psychotherapy (1989)
  • When Nietzsche Wept (1991)
  • Lying on the Couch (1996)
  • The Yalom Reader (1998)
  • Momma and the Meaning of Life (1999)
  • The Gift of Therapy (2002)
  • The Schopenhauer Cure (2005)
  • The Theory and Practice of Group Psychotherapy, Fifth Edition (2005)
  • Staring at the Sun (2008)
  • I'm Calling the Police (2009)
  • The Spinoza Problem (2012)
  • Creatures of a Day (2015)
  • Becoming Myself (2017)
  • The Theory and Practice of Group Psychotherapy, Sixth Edition (2019)

Utover desse har han publisert ei lang rekke fagartiklar og kapittel. Desse har både omhandla gruppeterapi, som inngår i fleire av bøkene ovanfor, men òg andre psykiatriske og psykologiske tema som fødselsdepresjon og effekt av hormon på psykoseksuell utvikling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg