Hans Herbjørnsrud var ein norsk forfattar som er kjent for fanstasifulle noveller. Han debuterte med novellesamlinga Vitner i 1979, som blei tildelt Tarjei Vesaas debutantpris. I 1997 fekk han Kritikarprisen for Blinddøra.
Heile forfattarskapen til Herbjørnsrud er knytt til heimstaden Heddal, men han inviterer samstundes verda – både den litterære og den verkelege – inn på tunet. Han bruker røtene som venger, slik forfattaren sjølv har sagt det, og inviterer lesaren inn «På gamletun i Europa», som er tittelen på ei av novellene.
Tematisk krinsar forteljingane ofte rundt identitetsproblematikk, og dei handlar gjerne om (sjølv)skaping i spennet mellom fantasi og røyndom. Mellom linjene i historiene frå gardslivet vrimlar det òg av litterære referansar – ikkje minst til hans eigen forfattarskap – og av referansar til det moralske samanbrotet i Europa under den andre verdskrigen. Sjølv kalla han bøkene sine for «fiksjonaliserte selvbiografier».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.