Húnaþing vestra er ein kommune på Island, inst i fjorden Húnaflói på nordkysten. Han omfattar landet frå fjordarmane Hrútafjörður og Miðfjörður opp til Arnarvatnsheiði.
Dei viktigaste næringane er fiske, jordbruk og turisme. Den største tettstaden er Hvammstangi.
Hvitserkur er ein av turistattraksjonane saman med vassfallet Kolufossar og fortet Borgarvirki. Området har mange gode lakse- og aure-elver.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.