Frostingen er ei norsk lokalavis som kjem ut i Frosta. Ho blir gitt ut i papirformat ein gong i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1919 og er eigd av Frosta kommune med 32,9 prosent, Coop Midt-Norge SA med 31,6 prosent og andre mindre aksjonærar. Frostingen dekkjer Frosta og Åsen. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Frostingen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- FROSTINGEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Frosta
- Dagleg leiar
- Irene Røkke
- Styreleiar
- Stig Tore Laugen

Digitalt
Frostingen publiser stoffet på ulike digitale flater. Avisa byrja med nettavis i 2015, og innførte betalingsmur for ikkje-abonnentar litt seinare.
Historie

Frosta i Nord-Trøndelag har i mange år hatt status som «Trondheims kjøkkenhage», men mest kjend er nok kommunen for Frostatingslova. I 1909 meinte leiinga i Frosta Landbrukslag at den fruktbare kommunen inne i Trondheimsfjorden burde ha si eiga lokalavis. Til jul dette året lukkast det å gi ut noko som likna på ei avis, men det blei med eitt nummer av Frosta Avis.
Ti år seinare tok Viktor Mostad initiativ for å skaffe bygda ei lokalavis, og 3. juli 1919 kunne den sjølvoppnemnde bladstyraren halde det første nummeret av Frostingen i handa. Avisa blei prenta i Trondheim, og ho blei svært godt motteken av bygdefolket. Same hausten bad Mostad ungdomslaget i bygda om å reise eit «lottlag» som kunne stå som økonomisk ansvarleg for avisa. Bygdefolket støtta tiltaket og sytte for at avisa fekk eit økonomisk fundament.
Mostad var ikkje utan politisk farge i den redaksjonelle linja si, men bladstyret bad han om å halde seg nøytral på dét området. Redaktøren tok ikkje så mykje omsyn til pålegget frå styret, og oppunder jul i 1920 meinte styret at han hadde fått nok sjansar. Dermed blei Bjarne Rokseth tilsett som redaktør.
I 1924 kjøpte avisa sitt eige trykkjeri, og Olav Juberg blei tilsett som trykkjar. Ti år seinare overtok han òg som redaktør. Frostingen Trykkeri heldt det gåande til i 1973, men då var det tekniske utstyret så nedslite at ein måtte til med leigetrykking, først i Steinkjer og så i Trondheim.
Under andre verdskrigen greidde ein å halde avisa i gang, trass i at det var knapt om både papir og anna utstyr. Dette førte til at avisa frå 1941 bestod av berre eitt ark, som blei bretta saman til fire små sider. Like over jul i 1943 tok Bjarne Juberg over som redaktør. Med unntak av seks år etter krigen var han redaktør i heile 26 år.
Sidan 1986 har fleire kvinner vore redaktør, fyrst Lisbet Skjærbusdal, så Janniche Aunan, Aud Floridon og Jorunn Sterten Melhus fram til 2002, då Janne Hopmo inntok redaktørstolen.
I 2001 blei det skipa eit nytt aksjeselskap i Frostingen. I 2024 innleia Frostingen eit tett samarbeid med Amedia, om visse redaksjonelle system og tekniske og økonomiske løysingar for å effektivisere drifta. Denne partnerskapsavtalen, som Amedia óg har med ein del andre aviser, endra ikkje på eigarskapstilhøvet.
Opplag
Opplagstal for Frostingen, 1986-2022
1986 | 1200 |
---|---|
1988 | 1082 |
1990 | 1001 |
1991 | 1036 |
1992 | 1131 |
1993 | 1174 |
1994 | 1125 |
1995 | 1163 |
1996 | 1228 |
1997 | 1239 |
1998 | 1210 |
1999 | 1258 |
2000 | 1242 |
2001 | 1238 |
2002 | 1370 |
2003 | 1400 |
2004 | 1409 |
2005 | 1484 |
2006 | 1500 |
2007 | 1492 |
2008 | 1518 |
2009 | 1512 |
2010 | 1516 |
2011 | 1505 |
2012 | 1532 |
2013 | 1422 |
2014 | 1679 |
2015 | 1715 |
2016 | 1688 |
2017 | 1636 |
2018 | 1665 |
2019 | 1683 |
2020 | 1792 |
2021 | 1892 |
2022 | 1931 |
2023 | 2063 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1000 |
1990 | 1001 |
2000 | 1242 |
2005 | 1484 |
2010 | 1516 |
2015 | 1693 |
2020 | 1792 |
2021 | 1892 |
2022 | 1931 |
2023 | 2063 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Fyrste nr. 3.7.1919
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.