På landsmøtet til Noregs Mållag i 1946 vart ideen om ei ny og uavhengig riksavis på nynorsk lagd fram av redaktør Asbjørn Øverås. Han meinte det var naudsynt med eit landsorgan for nynorsken. I 1961 gjorde avismannen Anton Beinset idé om til praksis i lag med Bondeungdomslaget i Oslo. Det skulle bli nynorskens svar på Newsweek, ei vekeavis på nynorsk, ikkje om nynorsk. Magne Rommetveit i førebuingsnemnda gav avisa same namn som eit NRK-program, til protestar frå kringkastingssjefen.
Avisa var i uregelmessig drift frå 1962. Dei innsamla midlane tok stadig slutt, interessa for ei slik avis var mindre enn ein trudde, og Bondeungdomslaget murra over radikalismen i avisa og stoppa pengestøtta.
Dei første seks åra var prega av dårleg råd og ei stadig utskifting av redaktørar, deriblant Olav Rytter, Ivar Eskeland og Bjørn Hervik. Dei to siste stod for ein liten skandale i 1966 då dei på leiarplass erklærte nynorsken for død, men den utgåva av avisa kom aldri ut fordi disponent Olav Engan stoppa avisa på trykkeriet. Ei tom pengekasse og redaksjonskonflikt tvinga fram eit skifte i avisa. I 1967 vart Tor Gabrielsen og Kjetil Snerte tilsette som redaktørar, og først i 1968 byrja avisa å komme regelmessig éin gong i veka.
Frå slutten av 1960-talet byrja avisa å lage distriktsnummer som kom i tillegg til avisa. Ved å spreie distriktsnummer til alle husa i dei aktuelle områda utfordra Dag og Tid lokaljournalistikken og bygde opp eit eige kontaktnett.
Dag og Tid har nesten alltid vore radikal og motstraums. Under kampen om EF-medlemsskap i 1972 var Dag og tid ei sterk stemme for nei-sida. Avisa gav ut eit spesialnummer om EF som vart spreidd på Island og Færøyane. Frå 1969 til 2009 hadde avisa einerett på stoff frå Le Monde. Den franske avisa var då, enda meir enn no, ei kritisk røyst som skilde seg ut frå annan vestleg journalistikk.
Som ei sterk meiningsavis har ordskifta til tider vore harde og i nokre periodar på kollisjonskurs med rådande haldningar i målrørsla. Avisa har fått kritikk for å ikkje ha nok stoff om nynorskmiljøa, men utan å endre kurs. Til trass for at Dag og Tid har støytt frå seg somme i målrørsla, har avisa også henta lesarar frå fleire ulike miljø. I 2022 er talet på abonnentar like høgt på Austlandet som på Vestlandet.
Dag og Tid hadde eit stabilt opplag på om lag 6500 aviser frå 1970 til 2009. I likskap med fleire andre nisjeaviser har opplaget auka sterkt frå 2010 til 2023. I 2023 hadde avisa eit papiropplag på over 14 000 eksemplar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.