Changsha
Faktaboks
kinesisk 长沙市
Kultur, næringsliv og samferdsel
Changsha er ei viktig elvehamn; handel med ris, bomull, tømmer og kveg. Industrien omfattar blant anna rismøller, tekstilfabrikker, tobakksindustri og slakteri. Tungindustrien er bygd ut etter 1970, med aluminiumverk, maskin-, sement-, gummi-, glass- og porselensindustri. Universitet med medisinsk universitet (frå 1914).
I byen finst eit provinsmuseum med fokus dels på Mao Zedongs liv (han blei fødd i i Shaoshan nær Changsha), og dels på omfattande utgravningar av over 2000 år gamle gravkammer frå det vestlege Han-dynastiets tid (Mawangdui-funnet). Blant anna blei det funne ein usedvanlig godt bevart 2100 år gammal leivning av ei kvinne.
Changsha har flyplass, og er tilknytta hurtigtognettet.
Historie
Changsha blir omtala tidleg på 200-tallet. Under Taiping-opprøret blei byen omringa. Under andre verdskrig blei byen okkupert av japanarane for ei kortare tid. Changsha var utgangspunkt for Mao Zedongs revolusjonære organisatoriske verksemd i 1920-åra. Hans heim i Shaoshan ca. 130 kilometer sørvest for byen er nå museum og sentrum i ein minnepark. Changsha blei i 1970-årene utsett til å bli eit industrielt storkompleks saman med nabobyane Xiangtan og Zhuzhou.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne kjelder
- Changshas offisielle nettstad (kinesisk)
- Changshas offisielle nettstad (engelsk)
Litteratur
- United Nations, Department of Economic and Social Affairs, Population Division (2014). World Urbanization Prospects: Population of Urban Agglomerations with 300,000 Inhabitants or More in 2014, by Country, 1950-2030
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.