Brita Bratland
Faktaboks
- Fødd
- 12. oktober 1910, Vinje, Telemark
- Død
- 24. august 1975, Skien, Telemark
- Verke
- Folkevisesanger og kveder
- Familie
-
Foreldre: Bonde Vetle Tveiten (1863–1953) og Anna Sollid (1870–1958).
Gift 29.5.1935 med bonde Sondri Sondreson Bratland (21.9.1905–19.6.1987), sønn av bonde Sondre Bratland og Tone Kvammen.
Bakgrunn
Brita Bratland var fødd i Vinje i Telemark og døydde i Skien. Etter fullført folkeskule gifta ho seg i 1935 med Sondri S. Bratland og flytta til garden Bratland ved Edland i Vest-Telemark. Familien arbeidde med gardsdrift og lastebiltransport.
Repertoar og stil
I barndomen tileigna Bratland seg eit stort tilfang av folketonar og anna folkloristisk materiale. To viktige kjelder var farmora Margit Tveiten, ein av dei fremste kvedarane i sin generasjon, og den eldre søstera Margit Gunvaldsjord. Gjennom morfaren Nils Sollid frå Eidfjord fekk ho brei kjennskap til folketonar frå Hardanger. Gjennom farmora fekk ho også stoff som stamma frå svenske vegarbeidarar på Haukelivegen.
Repertoaret hennar strekte seg etter kvart frå småstubbar og bånsullar, rim og regler, viser og stev til mellomalderballadar. Ho ville at songen først og fremst skulle bere fram det tekstlege innhaldet. Difor la ho lite vekt på personleg tolking.
Ho gjorde aldri nedteikningar og hadde det omfattande materialet lagra i minnet. Noko av dette samla Geirr Lystrup i boka Britas visur. Folkeviser etter Brita Bratland (1976).
Opptak og ettermæle
Bratland nådde særleg ut eit større publikum frå slutten av 1950-åra, då NRK tok til å gjere opptak med henne. NRK har 167 opptak av om lag hundre folketonar og folkeviser. I 1970-åra blei ho ei etterspurd inspirasjonskjelde for ein ny generasjon av kvedarar, som Ellen B. Nordstoga, Kirsten Bråten Berg og Sondre Bratland, seinare også Arve Moen Bergset.
Brita Bratland kan mellom anna høyrast på kassetten Viervann og Mariahand, ei posthum soloutgiving (1987). Ho er representert på fleire LP-plater i serien Norsk folkemusikk (1953–1974), i ny utgåve på CD i 2009.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Geirr Lystrup: Britas visur. Folkeviser etter Brita Bratland. Oslo 1976
- Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.