[go: up one dir, main page]

Arvid er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-vid. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).

Mens den mindre brukte varianten Arnvid har godt samsvar med norrønt, er dette samsvaret mindre tydeleg i Arvid fordi [n] har falle bort i den opphavlege konsonantgruppa [rnv].

Namnedag er 1. april. Aron og Arve har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Arvid

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var ein innvandrar frå Sverige: husmann Uno Arvid Davidson fødd 1846, busett i Saltdal i 1900.

Kjende personar med namnet Arvid

Eit utval personar med namnet Arvid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 732 menn i Noreg som hadde Arvid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Arvid.

Utvikling i bruk av namnet

Arvid høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Arvid, som var på topp i 1930-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Arvid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Arvid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Arvid på 1800-talet.

Arvid var klart mest brukt i Kristiania og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Arvid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Arvid var klart mest brukt i Kristiania og Finnmark.

Historisk bruk av namnet Arvid
Historisk bruk av namnet Arvid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg