Østvedt hadde, til liks med mange i XU, ikkje noko forhold til krig og militærvesen. Det vart ei bratt læringskurve, for organisasjonen ho gjekk inn i, hadde som si hovudoppgåve å kartlegge den tyske krigsmaktas flyplassar, kystfestningar, luftvernstillingar, forlegningar og forsyningslager. Rapportane frå agentane ute i distrikta inneheldt også opplysningar om troppetransportar, styrketalet til avdelingane, samt kva slags våpen og materiell dei ulike stridseiningane var utstyrte med.
Østvedt kom med i XU i 1941, vart teken opp i sentralleiinga i januar 1943 og vart nestleiar kort tid etter. Hausten 1942 vart ho ettersøkt av Gestapo, og sidan levde ho med falsk identitet i to og eit halvt år. Den lyshåra Anne-Sofie vart til mørke «Åse Berge» eller «Astrid Ødegård». Innan XU gjekk ho under dekknamnet «Aslak», og svært få visste at nestleiaren var ei kvinne. Ho heldt seg også skjult for familien, som trudde ho hadde reist til Sverige og var trygg der. Våren 1943 fekk Østvedt difteri og var livstrugande sjuk. Likevel nekta ho XU-legen å informere foreldra, fordi det kunne setje både etterretninga og familien i fare.
Saman med XU-sjef og seinare ektemann Øistein Strømnæs etablerte Østvedt eit nytt hovudkvarter ved St. Hanshaugen i Oslo. Det vesle huset i Geitmyrsveien 48B vart våren 1943 ombygd for føremålet, med ei rekke hemmelege rom og avanserte låsesystem. Bygningen fungerte også som ein mottakssentral for etterretningane som kom inn frå gruppene i dei underliggjande distrikta. Her vart etterretningsmaterialet kontrollert og klargjort for vidare ekspedisjon som kurerpost til etterretningskontoret i Stockholm. Østvedt utførte mykje av dette arbeidet saman med Strømnæs og insektforskaren Astrid Løken.
Det store omfanget av verksemda gjorde det også naudsynt å utveksle opplysningar med ei rekke av dei militære og sivile motstandsgruppene, og oppgåva med å halde kontakt med dei andre heimefrontorganisasjonane vart tildelt Østvedt. I lange periodar var det arbeid døgnet rundt. Verken dei tre eller hovudkvarteret vart avslørt av Gestapo. Det fortel om svært gode sikringsrutinar.
Då ho gjekk inn i motstandsarbeidet, var det ein nærmast instinktiv reaksjon. «Det var berre noko som måtte gjerast,» har ho sagt. Bak dei enkle orda låg ein sterk vilje til å kjempe for fridom, demokrati og menneskerettar, mot fascismen og okkupasjonsmakta. Den grunnfesta humanismen heldt ho fast ved sjølv i alle dei åra ho var i dagleg livsfare. Det var den nazistiske staten som var fienden, ikkje det tyske folket. Ho var også sterk motstandar av likvideringar under krigen: «Eg var livredd vi skulle bli som nazistane.» I fleire år hadde ho alltid med seg blåsyretablettar for å kunne ta sitt eige liv dersom ho vart arrestert. Men ho bar så å seie aldri våpen. Ho ville ikkje kunne drepe eit anna menneske, om han var fiende aldri så mykje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.