[go: up one dir, main page]

Versj. 27
Denne versjonen ble publisert av Ola Nordal 28. mai 2024. Artikkelen endret 8159 tegn fra forrige versjon.

Anders Smith var ein skotsk-norsk treskjerar og malar. Kunsten hans ber preg av nordtysk barokkstil. I 1658 blei han kalla til Stavanger for å skjere preikestolen i domkyrkja. Stolen er eit praktstykke i balansert komposisjon av fortetta ornamental utfalding med vekt på formene til bruskbarokken og eit rikt religiøst program i biletframstillinga.

Det er ikkje kjent signerte arbeidar av Smith, men det kan ikkje vere tvil om at biletskjering har vore hovudsysselen hans, og at han må ha bygd opp ein ganske stor verkstad. Ei mengd store arbeid kan på stilistisk grunn tilskrivast Smith og verkstaden hans. Dei skar preikestolar, altertavler, epitafium, og dessutan møblar, som skap og kister.

Smith måla òg portrett og tok i 1676 borgarskap som «kontrafei» (portrettmålar).

I tida før romantikken og det moderne gjennombrotet kjenner vi i Noreg få kunstnarar som individuelle opphavsmenn til sentrale kunstverk. Anders Lauritzen Smith var eit viktig unntak frå denne regelen.

Den lutherske reformasjonen var retta både mot paven i Roma og mot «affgudiske billeder» i kyrkja. Først på 1600-talet kom arbeidet for alvor i gang med å utvida det nye lutherske biletprogrammet til meir enn bokstavaltertavler med «herlige sentenser aff den hellige skrift». Smith var blant dei mange utanlandske biletkunstnarane som kom til Danmark-Noreg for å pryda det tomme kyrkjerommet etter den reformatoriske biletstormen.

I 1685 blei Smith kalla til Stavanger av lensherren Henrik Below for å utføre ein ny preikestol til Stavanger domkyrkje.

Før 1658 er dei biografiske opplysningane om Smith få og usikre, og det lite som er kjent om Anders Smiths bakgrunn og læreår. Ein familietradisjon knyter Andrew til slekta Smiths of Braco, frå distriktet rundt elva Knaik i grevskapet Fife i Skottland. At Smith har komme direkte frå Skottland til Stavanger er lite truleg. Familietradisjonen fortel at han kom til Stavanger frå Flensborg i Sønderjylland. Det er òg mogleg at han den sveinen som står oppført i Bergens manntal frå 1645 som elev av biletskjeraren Peter Negelsen.

Stilmessig er Smiths arbeid i alle fall direkte eller indirekte påverka av nordtysk barokk, slik den særleg blei utforma på verkstaden til Gudewerth-meistrane i Eckernförde.

Med preikestolen i Stavanger domkyrkje kjem den nye «bruskbarokken» for første gong til Sørvest-Noreg og avløyser den vestlandske «snikkarrenessansen». Preikestolen i Stavangerdomen er kanskje den mest praktfulle barokkskulpturen i landet, og hovudverket til Anders Smith (som namnet blei fornorska til). Det er også eit kunstverk der den overlessa stilen blir prega av eit særprega kunstnartemperament.

Bruskbarokken er først og fremst ein ornamental stil, der kniven til treskjeraren vrir, dreiar og krøllar materialet slik at veden i emnet liknar på deig eller leire – eller brusk. Der renessansen framleis viste fram dei konstruktive formene, går barokken over i ein einaste bølgande og bevega masse utan fast oppbygging.

Sjølve biletframstillinga har Smith som andre kunstnarar i tida bygd på omarbeidingar etter koparstikk av bibelillustrasjonar. Preikestolen framstiller scenar frå skapinga til Jesu fødsel blant mengder av karyatider, dydar, englar og profetar. Inne i den overlessa ornamentikken står den gammaltestamentlege kjempa Samson som preikestolfot og ber Guds ord på hovudet.

Mellom ornamenta viser hovudfelta på stolen bibelske scenar. Blant groteske masker, erkeenglar og kristne dygder finn ein òg våpenskjolda til Smiths oppdragsgivar Henrik Below. På toppen av preikestolen tronar den sigrande Kristus nesten til taket i det høge kyrkjerommet.

I dei følgjande åra utførte Smith fleire praktfulle epitafium (borgarlege minnetavler over jordisk gods og gull, makt og ære) i kyrkja. Det eldste er Borgermester Severin Pedersen Godtzen med hustru og barn (1660, staffert 1662). Det rikaste av dei alle er Lektor Johan Hiermann med familie (1664).

Det første har medaljongar med pasjonshistoria arrangert rundt ramma i slekt med dei seinare «pasjonsvisarar», medan dei andre er arkitektonisk bygd opp med søyler på sida av midtfelta og overstraumande religiøse scenar og figurar rundt.

I to seinare epitafier av Smith i domkirken, Severin Fransøn med familie (1674) og Biskop Matz Tausan med familie (1678), er dei religiøse figurane arrangerte rundt ei sirkelrund ramme. Bruskbarokken er her erstatta med klassisistiske motiv.

Bevarte restar av det gamle inventaret i domkyrkja viser at Smith og folket hans òg har hatt ansvaret for dette.

Preikestolen i Sogndal kyrkje (1666) er tilskriven Smith på stilistisk grunnlag. Til gruppa arbeider som blir tilskriven Smith høyrer òg altertavlene i Hareid kyrkje (1660, opphavleg laga for Hospitalskyrkja i Stavanger), Åkra kyrkje (1663), Time kyrkje (1666) og kanskje Førde kyrkje (1666), forutan epitafiet over Lektor Jens Morsing med familie (1680) i Hjelmeland kyrkje.

Ei gruppe møblar med bruskornamentikk og figurrelieff er òg knytt til Smith. Desse har gjerne bibelske eller allegoriske motiv. Innskrifter, årstal og familievåpen viser til framståande stavangerfamiliar og 1660-åra. Eit teikne-bokblad blir tilskrive Smith, som også ifølgje eit brev skal ha hatt ein målarelev.

Eit portrett av borgarmeister Rasch i Kristiansand blir òg nemnd, men måleri av Smith kan ikkje identifiserast bortsett frå dei måla familiegruppene i epitafia som han kan ha måla. Her blir konvensjonane følgde for slike bilete med knelande personar, sobert, men ganske tørt utførte, og bileta trer i bakgrunnen for dei rike bilethoggararbeida.

I 1669 inngjekk Smith ekteskap med Maren Knutsdotter frå Sola på Nord-Jæren. Frå då av var den velakta handverksmeisteren og byborgaren Smith også storbonde på det gamle lensmannssetet på Sola. Eit brev frå 1682 er stila til «Anders Lauritzen Mahler. Solle ved Stafanger.» Han kan vera den Anders Lauritzen som fekk borgarskap som kontrafeiar 12. juni 1676.

Anders Lauritzen Smith døydde, truleg mellom 1692 og 1694, med ei stor slekt og ei lita formue etter seg. I hans arbeid ser ein korleis den kunstnarlege impulsen frå italiensk renessanse (Cornelis Floris og stilen etter han) via mønsterarka frå nordtysk barokkk blir sett ut i livet i den skandinaviske provins, går over i byhandverket, og går opp i den lokale folkekunsten, der den framleis kan sporast den dag i dag.

  • Preikestolen i Stavanger domkyrkje
  • Preikestolen i Sokndal kyrkje (1666)

Altertavler

  • Hareid kyrkje (opphavleg for Hospitalkyrkja i Stavanger, 1660)
  • Åkra kyrkje (1663)
  • Time kyrkje (1666)
  • (kanskje) Førde kyrkje (1666)

Epitafier

  • Borgermester Severin Pedersen Godtzen med hustru og barn, Stavanger domkyrkje (1660, staffert 1662)
  • Biskop Marcus Christensen Humble med familie, Stavanger domkyrkje (1664)
  • Lektor Johan Hiermann med familie, Stavanger domkyrkje (1664)
  • Severin Fransøn med familie, Stavanger domkyrkje (1674)
  • Biskop Matz Tausan med familie, Stavanger domkyrkje (1678)
  • Sogneprest Christen Jenssen Hegelund med sine to hustruer, Ørskog kirke (1673)
  • Lektor Jens Morsing med familie, Hjelmeland kirke (1680)
  • Jensen, C. A.: Danmarks snedkere og billedsnidere i tiden 1536–1660, København 1911
  • Grevenor, H. : Norsk Malerkunst under renessanse og barokk 1550–1700, 1928
  • Smith, O. : Andrew Lawrenseson Smith og Lauritz Anderssøn Smith’s mannlige etterkommere i Norge og Danmark, 1943
  • Platou, Dorothea S. (1928). Anders L. Smith: En norsk billedskjærer fra 1600 årene, Dreyer