Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund er ein norsk hovudorganisasjon i arbeidslivet som blei stifta i 1977. YS er ei partipolitisk uavhengig samanslutning av 12 arbeidstakarorganisasjonar, med til saman 229 000 medlemer (2022).
Formål
YS er hovudorganisasjon for 12 fagforbund. Oppgåvene til YS, og andre hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida slik som til dømes LO, Unio og Akademikerne, er å forhandle med arbeidsgivarorganisasjonar som NHO og KS på vegner av fagforbunda sine om tariffavtalar. Arbeidstakarorganisasjonar som YS forhandlar òg om løn, arbeidstid og ferie, og om lag halvparten av arbeidstakarane i Noreg er organiserte.
YS er ein av fire hovudorganisasjoner på arbeidstakarsida som saman med dei fire organisasjonene på arbeidsgivarsida og regjeringa utgjør trepartssamarbeidet i norsk arbeidsliv.
YS konkurrerer med LO om medlemer, sidan dei to organisasjonane representerer mange av dei same yrkesgruppene i arbeidslivet. Unntaket er Finansforbundet, der det berre er YS som representerer arbeidstakarar som arbeider i bank og forsikring. Nokre av dei største medlemsorganisasjonane i YS er Parat, Delta, Finansforbundet og Negotia.
YS deler kvart år ut YS sin likestillingspris og er tilslutta International Trade Union Confederation (ITUC), Den europeiske faglige samorganisasjon og Nordens Faglige Samorganisasjon.
Organisering
YS' øvste organ er kongressen som blir halde kvart fjerde år. Mellom kongressane blir YS styrt av eit hovudstyre der alle forbunda er representerte etter storleik.
Tidlegare bestod YS av dei fire seksjonane Privat, Finans, Kommune og Stat, som i 2003 vart erstatta av dei fem sektorane:
- YS Privat (for privattilsette medlemer)
- YS Finans (for medlemer knytte til bank/forsikring)
- YS Kommune (for kommunalt tilsette)
- YS Stat (for statstilsette)
- YS Spekter (for tilsette i bedrifter som er medlem av Arbeidsgiverforeningen Spekter)
Sektorane består av forbund med medlemer innenfor sektoren sitt område. Sektorane har ansvar for lønns- og tariffpolitikken innenfor sine område.
Dei største medlemsorganisasjonane i YS
Namn | Medlemer* |
---|---|
Delta | 91 500 |
Parat | 40 100 |
Finansforbundet | 32 000 |
Negotia | 21 300 |
Yrkestrafikkforbundet | 12 500 |
SAFE | 10 300 |
Befalets Fellesorganisasjon | 10 000 |
Skolelederforbundet | 4 200 |
Kriminalomsorgens Yrkesforbund | 2 000 |
STAFO | 1 900 |
Norsk Tollerforbund | 1 600 |
Skatteetatens Landsforbund | 2 000 |
*Ca. medlemstal 1. januar 2022.