[go: up one dir, main page]

Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund – YS

Versj. 81
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 25. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund er ein norsk hovudorganisasjon i arbeidslivet som blei stifta i 1977. YS er ei partipolitisk uavhengig samanslutning av 13 arbeidstakarorganisasjonar, med til saman 229 000 medlemer (2022).

YS er hovudorganisasjon for 12 fagforbund. Oppgåvene til YS, og andre hovudorganisasjonar på arbeidstakarsida slik som til dømes LO, Unio og Akademikerne, er å forhandle med arbeidsgivarorganisasjonar som NHO og KS på vegner av fagforbunda sine om tariffavtalar. Arbeidstakarorganisasjonar som YS forhandlar òg om løn, arbeidstid og ferie, og om lag halvparten av arbeidstakarane i Noreg er organiserte.

YS er ein av fire hovudorganisasjoner på arbeidstakarsida som saman med dei fire organisasjonene på arbeidsgivarsida og regjeringa utgjør trepartssamarbeidet i norsk arbeidsliv.

YS konkurrerer med LO om medlemer, sidan dei to organisasjonane representerer mange av dei same yrkesgruppene i arbeidslivet. Unntaket er Finansforbundet, for berre YS representerer arbeidstakarar som arbeider i bank og forsikring. Nokre av dei største medlemsorganisasjonane i YS er Parat, Delta, Finansforbundet og Negotia.

YS deler kvart år ut YS sin likestillingspris og er tilslutta International Trade Union Confederation (ITUC), Den europeiske faglige samorganisasjon og Nordens Faglige Samorganisasjon.

YS' øverste organ er kongressen som avholdes hvert fjerde år. neste kongress er høsten 2022. Mellom kongressene er styres YS av et hovedstyre der alle forbundene er representert etter størrelse.

Tidlegare bestod YS av dei fire seksjonane Privat, Finans, Kommune og Stat, som i 2003 vart erstatta av dei fem sektorane:

  • YS Privat (for privattilsette medlemer)
  • YS Finans (for medlemer knytte til bank/forsikring)
  • YS Kommune (for kommunalt tilsette)
  • YS Stat (for statstilsette)
  • YS Spekter (for tilsette i bedrifter som er medlem av Arbeidsgiverforeningen Spekter)

Sektorane består av forbund med medlemer innenfor sektoren sitt område. Sektorane har ansvar for lønns- og tariffpolitikken innenfor sine område.

Tidlegare Delta-leiar Erik Kollerud tok over som leiar i YS 2018 etter Jorunn Berland.

Øvrig politisk leiing:

Hans-Erik Skjæggerud, 1. nestleiar.

Monica Paulsen, 2. nestleiar.

Namn Medlemer*
Delta 91 500
Parat 40 100
Finansforbundet 32 000
Negotia 21 300
Yrkestrafikkforbundet 12 500
SAFE 10 300
Befalets Fellesorganisasjon 10 000
Skolelederforbundet 4 200
Kriminalomsorgens Yrkesforbund 2 000
STAFO 1 900
Norsk Tollerforbund 1 600
Skatteetatens Landsforbund 2 000

*Ca. medlemstal 1. januar 2022.