[go: up one dir, main page]

Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Steinarr Sommerset 3. november 2022. Artikkelen endret 980 tegn fra forrige versjon.

Fjerding, tyder ein firedel og blei tidlegare brukt for å angi ein einingsverdi som var ein firedel av ei større eining.

Som volumeining var den viktigaste tydinga av fjerding ei firedels korntønne, definert slik:

Fjerding blei òg brukt som prefiks for å danne eininga fjerdingkar, som var firedelen av ei skjeppe:

  • 1 fjerdingkar = ¼ skjeppe ≈ 4,34 liter

For å danne ei lengdeeining blei fjerding brukt som prefiks i fjerdingsveg, som er definert som ein firedel av ei gamal norsk mil:

Austlandet blei eitt skippund delt i fire fjerdingar, som igjen var delte i fem lispund.

  • 1 fjerding = ¼ skippund = 46,2925 kg

I mellomalderen var fjerding ei nemning på eit administrativt distrikt, men det har ikkje eksistert noko einskapleg, landsomfattande fjerdingsystem. Tydinga kunne difor variere frå stad til stad og over tid. På Vestlandet var fjerding ein firedel av eit fylke, medan ein fjerding på Island var ein firedel av heile landet.

På landsbygda blei nemninga ofte brukt for fjerdeparten av eit herad eller eit sokn. I norske byar var fjerding opphavleg det same som kvartal, men ei tid på 1700- og 1800-talet blei fjerding nytta som nemning på skulekrinsar.

Det finst fleire stadnamn i Noreg der fjerding inngår i namnet, til dømes desse:

  • Dalefjerdingen i Enebakk
  • Kirkefjerdingen i Eidsberg
  • Steinsfjerdingen i Hole