[go: up one dir, main page]

Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 4. mai 2022. Artikkelen endret 5038 tegn fra forrige versjon.

Ugarittisk var eit språk som høyrde til blant dei semittisk språka i den afroasiatiske språkfamilien. Ugaritisk blei talt i kongedømet Ugarit på 1400- og 1300-talet før vår tidsrekning, kanskje av kring 30 000–40 000 menneske. Ugaritisk er kjent frå over 3200 år gamle tekstar på leirtavler som er funne i ruinane etter oldtidsbyen Ugarit, som låg ved den syriske middelhavskysten. Tekstane er skrivne i eit eige kileskriftsalfabet.

Ugaritisk var hovudspråket i Ugarit, men det fanst òg folk som snakka hurrittisk. I tillegg fanst det mange innflyttarar som snakka fønikisk, hettittisk, egyptisk, assyrisk, kanaaneisk og språk med opphav på Kypros og øyane i Egearhavet.

Byen og kongedømet Ugarit heiter 𐎜𐎂𐎗𐎚 på ugaritisk. Dette translittererer vi som ʔUGRT, og uttalen er rekonstruert som ʔugarītu. Dei kalla havet for jammu, som dei skreiv 𐎊𐎎 JM. Ordet deira for 'by' var 𐎎𐎄𐎐𐎚 MDNT, truleg uttalt madinatu. 'Konge' heiter 𐎎𐎍𐎋 MLK malku og 'palass' 𐎅𐎋𐎍 HKL hikalu.

Ugaritisk var eit semittisk språk. Dei semittiske språka er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien, der dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), berbersk, tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridt).

Ugarittisk høyrde til den nordvestsemittiske greina av dei semittiske språka, saman med kanaaneisk og arameisk. Eit sams drag ved dei nordvestsemittiske språka er at ursemittisk *w er blitt til j fremst i ord. Til dømes blei ursemittisk *warxu 'månad' til ugaritisk 𐎊𐎗𐎃 JRX jarxu 'månad'.

Ugaritisk ligg nær hebraisk og andre dialektar av kanaaneisk (fønikisk, moabittisk, ammonittisk og edomittisk). Grunnen til at ugaritisk ikkje blir rekna som kanaaneisk, er at den kanaaneiske lydendringa ikkje har skjedd i ugaritisk. Denne endringa gjekk ut på at ursemittisk blei til ō. Til dømes svarer ugaritisk 𐎀𐎗 ʔAR ʔāru 'lys' til gamalhebraisk אור ʔWR ʔōr 'lys'. Kanaaneiske ord i egyptiske transkripsjonar frå tidleg på 1400-talet før vår tidsrekning viser at endringa skjedde før – eller svært tidleg i – tidsrommet då ugaritisk er belagt.

Ugaritisk er kjent gjennom fleire tusen tekstar frå 1400-talet til 1200-talet før vår tidsrekning. Dei er skrivne i det ugaritiske alfabetet, som blei skapt tidleg på 1400-talet fvt.

Ugaritisk er svært nyttig for studiet av bibelhebraisk – og av Det gamle testamentet / Den hebraiske bibelen meir generelt – fordi dei ugaritiske tekstane er den einaste store ikkje-bibelske tekstsamlinga på eit nordvestsemittisk språk før andre tempelperiode (516 fvt. – 70 evt.).

Ugaritiske tekstar blir delte inn i skuletekstar, brev, administrative og økonomiske tekstar, lovtekstar og litterære og religiøse tekstar. Dei religiøse tekstane gir oss eit innblikk i den religiøse kulturen i det gamle Kanaan, der den israelittiske religionen vaks fram. Mange tekstar viser at byen har hatt skular for opplæring av skrivarar. Utgravingane i Ugarit byrja i 1929, og dei ugaritiske tekstane er først og fremst funne i arkiv i kongepalasset og i tempelområda.

Kongedømet Ugarit låg ved middelhavskysten i det noverande Syria, med byen Ugarit som hovudstad. Byen låg om lag éin kilometer frå kysten, nærmare ti kilometer nord for den moderne byen Latakia (arabisk اللاذقية‎ al-Lāðiqīja, klassisk gresk Λαοδίκεια Laodíkeia). Staden heiter i dagرأس شمرة Raʔs Šamra (på norsk Ras Shamra). Ved kysten låg det fleire hamnebyar. Vi kjenner namnet på om lag 350 landsbyar. I heile kongedømet budde det kring 50 000 menneske, og mellom 5000 og 10 000 budde i byen Ugarit.

Dei opphavlege folka på staden var semittar og hurrittar, men Ugarit var eit handelssentrum, og fønikiske, hettittiske, egyptiske, assyriske, kanaaneiske, kypriotiske og egeiske kjøpmenn kom dit. Opplysningar frå arkiva tyder på at kring 16 prosent av innbyggjarane var innflyttarar frå andre delar av Midtausten – mellom anna frå Egypt, Kypros, Syria og Mesopotamia.

Dei eldste spora etter busetnad i byen Ugarit skriv seg frå minst yngre steinalder, 6500 år før vår tidsrekning, og staden var folkesett så å seie utan avbrot fram til sein bronsealder, då byen var eit viktig handelssenter.

Den viktigaste perioden i historia til Ugarit tok til kring 1900 før vår tidsrekning og slutta kring 1185 før vår tidsrekning, då byen blei øydelagd, truleg av dei såkalla «havfolka», som herja inst i Middelhavet på denne tida.

Ugaritiske substantiv og adjektiv blir bøygde i genus (grammatisk kjønn), numerus (tal), kasus og status. Dette er illustrert nedanfor med substantiv som døme.

Ugarittisk hadde to genus: maskulinum (hankjønn) og femininum (hokjønn).

Dei fleste feminine substantiv har eit t-suffiks, jamfør 𐎋𐎍𐎁𐎚 KLBT kalbatu 'tispe', medan det ikkje finst nokon eigen maskulinum-markør, jamfør 𐎋𐎍𐎁 KLB kalbu '(hann)hund'.

Ugarittisk hadde tre numerus (tal): singularis (eintal), dualis (total) og pluralis (fleirtal):

Numerus

Kileskrift

Translitterert

Fonemisk transkripsjon

Norsk

singularis

𐎋𐎍𐎁

KLB

kalbu

'hund'

dualis

𐎋𐎍𐎁𐎏

KLBM

kalbāmi

'to hundar'

pluralis

𐎋𐎍𐎁𐎏

KLBM

kalbūma

'(fleire) hundar'

Ugarittisk hadde tre kasus: nominativ, akkusativ og genitiv, som i desse singularisformene:

Kasus

Kileskrift

Translitterert

Fonemisk transkripsjon

Norsk

nominativ

𐎋𐎍𐎁

KLB

kalbu

akkusativ

𐎋𐎍𐎁

KLB

kalba

'hund'

genitiv

𐎋𐎍𐎁

KLB

kalbi

Nokre få særnamn (eigennamn) har‑a i både akkusativ og genitiv:

𐎃𐎎𐎊𐎚𐎟𐎜𐎂𐎗𐎚 XMJT.ʔUGRT xāmijātu ʔugarīta 'murane til Ugarit'

Ugarittisk hadde to statusar: status constructus og status absolutus.

Status constructus viser at eit substantiv har ein substantivisk attributt, og status absolutus viser fråværet av ein slik attributt. Constructus-forma skil seg morfologisk frå absolutus-forma berre i dualis og i maskulinum pluralis. Fleirtalsforma 𐎋𐎍𐎁𐎏 KLBM kalbūma 'hundar' er status absolutus, og fleirtalsforma 𐎋𐎍𐎁 KLB kalbū 'hundar' er status constructus, som her:

𐎋𐎍𐎁𐎟𐎎𐎍𐎋 KLB.MLK kalbū malki 'hundane til kongen'

Det finst ingen ubundne eller bundne artiklar.

Leddstillinga i ugaritisk er relativt fri, og ein finn både subjekt–objekt–verb og subjekt–objekt verb, som i desse to døma:

𐎐𐎖𐎎𐎄𐎟𐎎𐎍𐎋𐎟𐎜𐎂𐎗𐎚𐎟𐎋𐎚𐎁𐎟𐎒𐎔𐎗𐎟𐎅𐎐𐎄NK'MD.MLK.ʔUGRT.KTB.SPR.HNDNik'mad konge Ugarits skreiv dokument dette'Niqmad, konge av Ugarit, skreiv dette dokumentet'

𐎊𐎃𐎄𐎟𐎁𐎚𐎅𐎟𐎒𐎂𐎗

JXD.BTH.SGReinsleg hus.hans stengde'Den einslege (mannen) stengde huset sitt'

I poesi er det ein sterk tendens til at verbet kjem framfor subjektet og objektet og andre ledd. I ein substantivfrase står substantivet først.

I denne artikkelen blir ugaritiske ord skrivne på tre måtar, (i) i ugaritisk skrift, (ii) i translitterasjon og (iii) i rekonstruert fonemisk form – som vist i dette dømet, med namnet Ugarit:

Skriftsystem

Eksempel

(i) Ugaritisk skrift

𐎜𐎂𐎗𐎚

(ii) Translitterasjon

ʔUGRT

(iii) Rekonstruert fonemisk form

ʔugarītu

Translitterasjonen (ei attgiving bokstav for bokstav i ei anna skrift) står med VERSALAR, medan den rekonstruerte fonemiske forma står i kursiv.

Ugaritisk blei skrive med eit kileskriftalfabet skapt tidleg på 1400-talet f.Kr. Alfabetet blei laga med den mesopotamiske kileskrifta som mønster for korleis skrift skal sjå ut. Men ideen bak var det kanaaneiske konsonantalfabetet, som bygde på eit alfabet som blei oppfunne i Egypt nærmare 2000 år f.Kr. Ugaritisk blei skrive frå venstre mot høgre – som akkadisk, men i motsetnad til fønikisk og hebraisk. Den vanlegaste rekkjefølgja på bokstavane i alfabetet var den same som i det kanaaneiske alfabetet, med tre ekstra bokstavar heilt på slutten. Alfabetet med translitterasjon er vist i tabell 1. Translitterasjonen følgjer IPA, bortsett frå at š er nytta for IPA [ ʃ ] og at s̀ er nytta for 𐎝, som truleg blei uttalt på same måte som 𐎒, det vil seie som s. 𐎝 blei berre nytta i lånord.

𐎀

ʔA

𐎊

J

𐎔

P

𐎁

B

𐎋

K

𐎕

S'

𐎂

G

𐎌

Š

𐎖

K'

𐎃

X

𐎍

L

𐎗

R

𐎄

D

𐎎

M

𐎘

Θ

𐎅

H

𐎏

Ð

𐎙

Ɣ

𐎆

W

𐎐

N

𐎚

T

𐎇

Z

𐎑

Θ'

𐎛

ʔI

𐎈

Ħ

𐎒

S

𐎜

ʔU

𐎉

T'

𐎓

ʕ

𐎝

Kileskrift er bygd opp av nokre få grunnleggjande teikn, kilen (𐎂) – som også kunne skrivast horisontalt (𐎚) og på skrå, som i 𐎙 – og vinkelhaken (𐎓). Kileskrift hadde høg prestisje, så skrivarane forma skrifta si etter desse prinsippa, trass i det kanaaneiske mønsteret.

Bokstavane i det ugaritiske alfabetet representerer konsonantar, med tre unnatak, 𐎀 ʔA, 𐎛 ʔI og 𐎜 ʔU, som representerer konsonanten ʔ (glottal lukkelyd) pluss ein vokal. Bokstaven 𐎛 ʔI blir nytta med verdien ʔ når denne konsonanten står utan vokal etter framfor ein annan konsonant.

Orda er ofte skilde med orddelaren 𐎟, som i translitterasjonen er attgitt med eit punktum, som i 𐎋𐎍𐎁𐎟𐎎𐎍𐎋 KLB.MLK kalbū malki 'hundane til kongen'.

I Femte Mosebok 16,21 finn vi denne teksten i ein danskspråkleg bibel utkomen i Kristiania i 1866: «Du skal ikke plante dig en Lund af noget (Slags) Træer ved Herrens din Guds Alter, som du skal gjøre dig.»

Lund er ei omsetjing av hebraisk אשרה ʔŠRH, uttalt ʔašera på nyhebraisk. Det er ein lang tradisjon å setje om אשרה med «lund». Vi finn «lund» heilt tilbake til Kristian 3.s danske bibel frå 1550. I den tyske bibelomsetjinga til Luther frå 1545 står det Hayn 'lund'.

Faktisk går denne omsetjingstradisjonen heilt tilbake til Septuaginta, den eldste greske omsetjinga av Det gamle testamentet / Den hebraiske bibelen, frå 200-talet f.Kr., der vi finn det greske ordet for «lund». Det same gjeld den latinske Vulgata, omsett av Hieronymus (347–419).

Det var først då dei arkeologiske utgravingane byrja i Ugarit i 1929 og ein fann religiøse tekstar på ugaritisk, at forskarane forstod at omsetjinga med ordet «lund» var feilaktig.

I det ugaritiske panteonet (gudeverda) er 𐎛𐎍 ʔIL, fonemisk ʔilu, den øvste guden. Namnet ʔilu svarer etymologisk til hebraisk אל ʔl ʔel 'gud'.

Det viste seg at ʔilu hadde ei kone, og ho heitte 𐎀𐎘𐎗𐎚 ʔΘRT, fonemisk ʔaθiratu. Språkforskarane utforska det historiske tilhøvet mellom ugaritisk og hebraisk, og kunne slutte seg til at hebraisk ʔašera svarer nøyaktig til ugaritisk ʔaθiratu. Ho er kjend som ei fruktbarheitsgudinne over store delar av Midtausten.

I den norske bibelomsetjinga frå 2011 har verset denne forma: «Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje ein trestolpe av noko slag ved sida av altaret som du byggjer for Herren din Gud.»

  • Cyrus H. Gordon: Ugaritic textbook. Grammar, Texts in Transliteration. Cuneiform selections. Glossary. Indices, revised reprint (Analecta Orientalia, 38). Roma 1998
  • Irving Finkel og Jonathan Taylor: Cuneiform. London 2015
  • William M. Schniedewind and Joel H. Hunt: A Primer on Ugarit. Language, Culture, and Literature. Cambridge 2007
  • Daniel Sivan: A Grammar of the Ugaritic Language. Leiden 1997