[go: up one dir, main page]

Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund – YS

Versj. 72
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 14. oktober 2021. Artikkelen endret 39 tegn fra forrige versjon.

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund er ein norsk hovudorganisasjon i arbeidslivet som blei stifta i 1977. YS er ei partipolitisk uavhengig samanslutning av 13 arbeidstakarorganisasjonar, med til saman 229 000 medlemer i 2021.

YS er hovudorganisasjon for 13 fagforbund. Oppgåvene til YS, og andre hovudorganisasjonar slik som til dømes LO, UniO og Akademikerne, er å forhandle med arbeidsgivarorganisasjonar som NHO og KS på vegner av fagforbunda sine om tariffavtalar. Arbeidstakarorganisasjonar som YS forhandlar òg om løn, arbeidstid og ferie, og om lag halvparten av arbeidstakarane i Noreg er organiserte.

YS er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg, etter LO. YS konkurrerer med LO om medlemer, sidan dei to organisasjonane representerer mange av dei same yrkesgruppene i arbeidslivet. Unntaket er Finansforbundet, for berre YS representerer arbeidstakarar som arbeider i bank og forsikring. Nokre av dei største medlemsorganisasjonane i YS er Parat, Delta, Finansforbundet og Befalets Fellesorganisasjon.

YS deler kvart år ut YS sin likestillingspris og er òg tilslutta organisasjonen Frie faglige internasjonale (FFI), ein vestleg arbeidstakarorganisasjon stifta i 1949.

Den politiske leiinga består av representantskap og sentralstyre. Tidlegare bestod YS av dei fire seksjonane Privat, Finans, Kommune og Stat, som i 2003 vart erstatta av dei fem sektorane:

  • YS Privat (for privattilsette medlemer)
  • YS Finans (for medlemer knytte til bank/forsikring)
  • YS Kommune (for kommunalt tilsette)
  • YS Stat (for statstilsette)
  • YS Spekter (for tilsette i bedrifter som er medlem av Arbeidsgiverforeningen Spekter).

Kvar enkelt av fagforeiningane er medlem av YS gjennom den av desse fem sektoren fagforeininga har medlemer i. Dei fem sektorane har felles sentralsekretariat i Oslo og er representert forholdsmessig i sentralstyret. Tidlegare Delta-leiar Erik Kollerud tok over som leiar i YS 2018 etter Jorunn Berland.

Namn Medlemer*
Delta 80 000
Parat 40 000
Finansforbundet 32 000
Negotia 21 500
Yrkestrafikkforbundet 11 000
SAFE 10 000
Befalets Fellesorganisasjon 10 000
Skolelederforbundet 4 000
Kriminalomsorgens Yrkesforbund 2 000
STAFO 2 000
Norsk Tollerforbund 1 700
Skatteetatens landsforbund 1 500

*Ca. medlemstal 2021.