Hos vaksne er Bakers cyste vanlegvis assosiert med sjukdom eller skade som fører til auka væskemengd i kneleddet. Den vanlegaste underliggjande årsaka er degenerativ meniskskade (meniskruptur), etterfølgd av slitasjegikt i kneleddet (kneleddsartrose) og betennelse i kneleddet (kneleddsartritt).
Hos mange kommuniserer kneleddet i utgangspunktet med ein slimpose (bursa synovialis) i knehasen. Denne ligg mellom det inste hovudet av den tohovda muskelen på baksida av beinet (caput mediale musculi gastrocnemii) og den inste av hamstringsmusklane (musculus semimembranosus). Kanalen mellom leddhola og slimposen fungerer som ein einvegsventil. Væske kan flytte seg frå leddhola til slimposen, men ikkje i motsett retning. Når kneet blir strekt ut (ekstendert), lukkar klaffen seg; tilsvarande opnar klaffen når kneet blir bøygd (flektert). Trykket i kneleddet varierer òg med stillinga i leddet, og bidreg til å fylle slimposen når kneleddet er bøygd.
Når væske frå kneleddet hopar seg opp i slimposen, kan han kjennast som ein væskefylt hevelse medialt i knehasen.
Fordi sjukdommar i kneleddet ofte medfører at mengda av leddvæske aukar, har det blitt føreslått at Bakers cyste kan ha vernande effekt på kneleddet ved å fungere som ein trykkbuffer som reduserer trykket i leddet. Denne hypotesen blir støtta av at storleiken på cysten ofte korrelerer med væskemengda i kneleddet.
Bakers cystar hos vaksne er eigentleg ikkje cystar, ettersom ein cyste er definert som eit fullstendig lukka, væskefylt holrom. Bakers cyste kan best beskrivast som ein «trykkdivertikkel» forårsaka av ei utposing av leddhinna som kommuniserer med bakre del av kneleddet.
Til forskjell frå Bakers cystar hos vaksne er Bakers cystar hos barn vanlegvis ikkje assosierte med sjukdom eller skade i kneleddet, og krev sjeldan oppfølging eller behandling. Hos barn er desse vanlegvis forårsaka av at det samlar seg væske i slimposen i knehasen utan at det ligg føre direkte kommunikasjon med kneleddet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.