[go: up one dir, main page]

Versj. 12
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 11. januar 2022. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Diagnose er namn på sjukdomar eller tilstandar med felles kjenneteikn. Nokre diagnosar viser til tilstandar med same årsak. Til dømes er tuberkolose namnet på alle sjukdomar som tuberkelbakterien er årsak til.

Andre diagnosar viser til dei kroppslege endringane som kjem av sjukdommen. Hjertekrampe er plagar som kjem av innsnevring av koronar-arteriane til hjartet. Ein tredje gruppe diagnosar er berre rein omtale av plagane til pasienten slik som lumbago (smertar i korsryggen), kefalgi (hovudpine) og fibromyalgi (kronisk utbreidde muskelsmertar).

Korrekt diagnose er ein føresetnad for fullgod behandling og for vurdering av utviklinga av og prognosen for sjukdomen.

Diagnosesystem blir brukt for å gi pasientane ei mest mogleg presis diagnose. I allmennpraksis blir diagnosesystemet ICPC brukt. På sjukehus nyttar dei det internasjonale klassifikasjonssystemet ICD-10. Dette er i ferd med å bli erstatta av ein ny versjon, ICD-11.

Ein viktig del av systemet som blir brukt i allmennpraksis er dei reine symptomdiagnosane. Desse omtalar symptoma til pasienten, til dømes ryggsmerter, sjølv om legen ikkje kan finne objektive teikn til sjukdom.

Det er ikkje noko krav i lovgivinga om kven som kan stille ein diagnose. Vanlegvis er det helsepersonell, og då ikkje minst legar og psykologar, som stiller diagnosar.

For å stille ein diagnose må ein ha undersøkt pasienten. Då brukar ein først å få fram sjukehistoria. Deretter gjennomfører ein ei klinisk undersøking som er tilpassa den konkrete situasjonen. Ved den kliniske undersøkinga prøver ein å finne ut mest mogeleg om kroppen til pasienten ved å sjå på huda, kjenne på kroppen (musklane, ledda, magen og så breiare) og leite etter ulike teikn til sjukdom. Ofte er det også aktuelt med enklare undersøkingar ved bruk av instrument slik som blodtrykksapparat, stetoskop og ultralydapparat.

Ut frå det ein får fram gjennom sjukehistoria og den kliniske undersøkinga, dannar ein seg eit bilete av kva det kan vera som feiler pasienten. Om nødvendig går ein vidare med undersøkinga av blodprøvar, biletdiagnostikk (til dømes røntgen, CT, MR, PET) og andre spesialundersøkingar (til dømes EKG, EEG) for å få ein presis diagnose. Det er også ofte aktuelt å vise pasienten vidare til undersøking hos legespesialist eller anna helsepersonell med spesialkompetanse for å kome fram til den rette diagnosen.

Undervegs i utredninga og i behandling er det vanleg å ta utgangspunkt i ein diagnose, men òg å setje fram nokre alternative diagnosar, såkalla differensialdiagnosar.

Tradisjonelt har medisinske diagnosar ofte hatt medisinske namn som stammar frå gresk eller latin. Samstundes har dei fleste sjukdommar hatt eit folkeleg namn. Dei fleste sjukdommane har derfor doble namn, eit medisinsk og eit ut frå nasjonalspråket. Eit døme på dette er pankreatitt, som er synonymt med bukspyttkjertelbetennelse.

Nokre gonger, men slett ikkje alltid, er dei medisinske namna meir presise enn dei nasjonale. Dei internasjonalt aksepterte namna på ulike diagnosar kjem fram av det internasjonale klassifikasjonssystemet for sjukdommar, ICD.