Pass
Utsjånad
Pass er eit reisedokument og identifikasjonsprov som særleg vert nytta ved reising gjennom ulike område, og særleg mellom ulike statar. Eit pass er prov på kven ein er, kvar statsborgarskap ein har, og kva ein heiter. Eit pass har gjerne informasjon om namn, dato ein er fødd, fødestad, fotografi, og nokre gonger ei skildring av eigaren. I passet kan det òg gå fram kva statar statsborgaren ikkje har høve å reisa til.
Dokumentet har form av ei lita bok, og inneheld rom som for viseringar (stadfesting av innreisevisa, eller innreiseløyve). Eit norsk pass er normalt gyldig i fem år for barn og i ti år for vaksne.
Mellom nokre land er det innført passfridom.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Pass utferda i Montenegro i 1887. Før fotografi vart vanleg, hadde pass ei skildring av eigaren i staden for eit fotografi