Statsminister
Ein statsminister, òg kalla premierminister, konseilpresident eller ministerpresident, er ein skandinavisk tittel på regjeringsjefen i ein stat.[1][2]
Ulike typar
[endre | endre wikiteksten]Statsminister i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Statsministeren er den fremste blant regjeringsmedlemmane, såkalla primus inter pares.[3] I Noreg leiar ikkje statsministeren eit departement, i staden for er han leiar for Statsministerens kontor (SMK). I samband med SMK har statsministeren i oppgåve å leia arbeidet til Regjeringa, samordna statsrådane på tvers av fagfelta – hermed departementa, førebu, gjennomføra og fylgja opp regjeringskonferansane, i tillegg til å halda kontakt med andre statsleiarar.[3][4] I Noreg lyt Regjeringa ha ein statsminister i tillegg til minst sju andre regjeringsmedlemmar, jf. Grunnloven §12.[5]
Statsminister i Tyskland
[endre | endre wikiteksten]I andre land har ordet statsminister ei anna tyding. I Tyskland er statsminister (Staatsminister) den offisielle tittelen på alle medlemmane av regjeringane i delstatane Bayern, Hessen, Rheinland-Pfalz og Sachsen. Det er òg tittelen for enkelte parlamentariske statssekretærar, til dømes statsminister hjå kanslaren.[treng kjelde]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pedersen, Karl Peder; Bogason, Peter. (8. juni 2021) statsminister i Den Store Danske i lex.dk. Henta 17. februar 2023
- ↑ Berg, Ole T.; Sterri, Aksel Braanen. (3. januar 2022) statsminister i Store norske leksikon i snl.no. Henta 17. februar 2023
- ↑ 3,0 3,1 Grindheim, J.E. «Regjeringen». Norsk Poltikk. Universitetsforlaget. s. 108–112.
- ↑ «Ansvarsområder for Statsministerens kontor». Regjeringen.no. 3. desember 2013. Henta 17. februar 2023.
- ↑ Kongeriket Norges Grunnlov §12 i lovdata.no. Ved res. 9. mai 2014. Henta 17. februar 2023.