Zjokhovøya
Zjokhovøya (russisk Остров Жохова; Ostrov Zjokhova) er ei øy i Aust-Sibir-havet, som ligg 128 km nordaust for Novaja Sibir, den austlegaste øya i Nysibirøyane. Zjokhovøya høyrer til De Long-øyane og har eit areal på 77 km². Det høgaste punktet på øya er 123 meter over havet. Administrativt høyrer Zjokhovøya til republikken Sakha i Russland[1]
Området rundt øya er dekt av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det pakkis i havområdet rundt øya.
Geologi
[endre | endre wikiteksten]Zjokhovøya består av effusiv basaltlava og tuff. Det meste av øya er eit tjukt lag med olivin basalt, olivin trakyttbasalt og nefelin basaltlava. Over dette ligg eit lag med laus vulkansk oske og tuff, under eit tjukt lag med basaltlava igjen. Den totale tjukkleiken på desse vulkanske bergartane på Zjokhov er om lag 400 meter.[2][3]
Vegetasjon
[endre | endre wikiteksten]Tundravegetasjon dekker det meste av Zjokhovøya og består av særs lågtveksande gras, siv, mosar, lav og levermosar. Desse plantene dekker nesten heile overflata. Jordsmonnet er typisk fuktig, finkorna og ofte bakka.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zjokhovøya vart oppdaga av den russiske arktiske hydrografiske ekspedisjonen i 1910-1915 under Boris Vilkitskij på isbrytarane «Vajgatsj» og «Tajmyr». Ho vart opphavleg kalla Novopasjennijøya, men vart seinare namngjeve på nytt etter A. Zjokhovøya, eit ekspedisjonsmedlem.[5]
Zjokhovøya i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Zjokhovøya er nemnd i Stanley Kubrick-filmen Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop Worrying and Love the Bomb som ein stad der russarane bygde dommedagsmaskinen sin.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zhokov Island» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Plassering
- ↑ Fujita, K., and D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson, og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
- ↑ Kos’ko, M.K., B.G. Lopatin, and V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian and Chukchi Seas and the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367.
- ↑ CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Skala 1:7,500,000. Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) Map No. 1. U.S. Fish and Wildlife Service, Anchorage, Alaska.
- ↑ Starokadomski, L.M. and O.M. Cattley, 1919, Vilkitski's North-East Passage, 1914-15. The Geographical Journal. vol. 54, no. 6, s. 367-375.
- ↑ Walker, A., S. Taylor, U. Ruchti, 1999, Stanley Kubrick, Director. W. W. Norton & Company, New York, New York. s. 376