York
York | ||
---|---|---|
Flyfoto av York, med York Minster i midten | ||
Byvåpenet til York | ||
Kallenamn «Capital of the North» | ||
Motto «Let the Banner of York Fly High» | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | North Yorkshire | |
Distrikt | Sameint styresmakt | |
Grunnlagd | som Eboracum kring 71 evt. | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
271,94 km² | |
Koordinatar | 53°57′30″N 1°4′49″W / 53.95833°N 1.08028°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | YO | |
Telefon-retningsnummer | 01904 | |
Nettstad: www.york.gov.uk | ||
York er ein by nord i England. Han har 183 128 innbyggjarar (2003). Byen er kjend for å ha mange bevarte historiske byggverk, mellom anna ein nokså fullstendig bymur. Han var hovudstad i vikingkongedømet Jorvik.
Byen ligg på møtepunktet mellom elvane Ouse og Foss. York har tradisjonelt vore hovudbyen i grevskapet Yorkshire. Han er i dag ei sameint styresmakt i det seremonielle grevskapet North Yorkshire.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen blei grunnlagd som eit romersk fort i år 71. Som Eboracum blei det ein viktig militærbase, og to romerske keisarar døydde her: Septimius Severus i 211 og Constantius Chlorus i 306.
Etter at romarane trekte seg tilbake blei staden brukt som handelshamn av angelsaksarane, og kalla Eoforwic. Men i november 866 blei han teken av ein "stor vikinghær", fortel angelsaksiske krønikeskrivarar. Vikingane gjorde han til hovudstaden i eit stort kongerike kalla Jorvik, og byen blomstra.
I 954 blei den siste vikingkongen, Eirik Blodøks, utvist frå riket, og det blei innlemma i den nylaga angelsaksiske staten. Men ein kan fortsatt sjå spor etter dei norrøne innbyggjarane, som i namna på gatene, som gjerne heiter noko med "gate", til dømes Micklegate ('Storgata').
Verdt å sjå
[endre | endre wikiteksten]York har fleire gamle bygg, som Clifford Tower, eit forsvarstårn på ein bakketopp, og York Minster, som er den største mellomalderdomkyrkja i England. Saman med bymuren og dei bevarte mellomaldergatene gjer desse byen til eit trekkplaster for turistar. I tillegg har York eit rikt gateliv, som organiserte turar med spøkjelsesforteljingar og diverse gateunderhaldning.
Det ligg òg mange museum i byen, mellom anna Yorkshire Museum, jarnbanemuséet National Railway Museum, skrekkmuséet York Dungeon, og vikingmuséet Jorvik Viking Centre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- nb:York
- en:York
- en:Jorvik
- http://www.york.ac.uk/inst/cms/centre/about.htm Arkivert 2005-10-31 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Imagine York: Historic Photographs
- Virtual Tour of York Arkivert 2016-01-28 ved Wayback Machine. - Panoramabilete frå 2000 til i dag
- Bilete frå York. Arkivert 2012-11-04 ved Wayback Machine.