Wolfgang Overath
Wolfgang Overath i 1970 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Wolfgang Overath | ||
Fødselsdato | 29. september 1943 (81 år) | ||
Fødestad | Siegburg i Tyskland | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1962-1977 | Köln | 409 | (83) |
Landslag | |||
1963-1974 | Vest-Tyskland | 81 | (17) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Wolfgang Overath (fødd 29. september 1943) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Siegburg som spelte 81 landskampar på Vest-Tyskland, og i 14 år på FC Köln, hans einaste proffklubb. Overath vart verdsmeister i 1974, og vann dessutan VM-sølv og VM-bronse med Vest-Tyskland. Med FC Köln vart han vesttysk seriemeister i 1964, og cupmeister 1968 og 1977.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Overath spelte på den heimlege amatørklubben Siegburg før han sommaren 1963 fekk kontrakt med FC Köln, ein klubb han spelte på til han la opp i 1977. Allereie i sin fyrste sesong på laget opplevde han høgdepunktet då Köln vann Bundesliga. Overath vart snøgt den leiande spelaren på laget, der han tok rolla som spel-leggjar på midtbana. I 1968 førte han Köln til siger i den vesttyske cupen, ein triumf laget kopierte våren 1977, i Overath sin siste kamp før han plasserte fotballskorne på hylla.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Overath debuterte på landslaget 28. september 1963. Før fotball-VM 1966 tok til i England i juli 1966, hadde han spelt 16 landskampar, vennskapskampar alle, unnateke to. I verdsmeisterskapen spelte han alle seks kampane, også den historiske finalen mot vertslandet der det måtte ekstraomgangar til for å kåre ein meister; England vann 4-2. Også under VM i fotball 1970 i Mexico spelte Overath alle seks kampane. Han skåra det einaste og avgjerande målet i bronsekampen mot Uruguay. Den 22. juni 1971 opna Overath skåringsfesten då Vest-Tyskland feia Noregs landslag av Ullevaal stadion med 7-1, Odd Iversen skåra eit trøstemål i det 88. minutt.
Overath vart vraka frå midtbaneplassen då Vest-Tyskland spelte seg fram til EM-tittel i 1972. Den tyske landslagssjefen valde i staden Günter Netzer til «Spielführer», då erfaringar med å ha begge på bana samstundes ikkje hadde fungert etter føremålet. Under VM i fotball 1974 var Overath derimot tilbake i den sentrale rolla på den vesttyske midtbana. Han spelte alle sju kampane i meisterskaps-turneringa og skåra to mål. Med VM-sigeren 2-1 over Nederland på olympiastadion i München den 7. juli 1974, avslutta han landslagskarrieren etter 81 kampar og 17 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1966 med Vest-Tyskland
- VM-bronse: 1970 med Vest-Tyskland
- Bundesliga-meister: 1964 med FC Köln
- Vesttysk cupfinalevinnar: 1968 og 1977 med FC Köln
Leiar
[endre | endre wikiteksten]Overath var 2004-11 styreformann i FC Köln.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Overath» frå Wikipedia på tysk, den 4. september 2016.