William Jennings Bryan
William Jennings Bryan | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. mars 1860 Salem |
Død | |
Yrke | politikar, advokat, diplomat, forleggjar, redaktør, skribent |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Medlem av | Delta Chi |
Religion | kristendom, Presbyterianisme |
Far | Silas Bryan |
Mor | Mariah Jennings Bryan |
Ektefelle | Mary Baird Bryan |
William Jennings Bryan på Commons |
William Jennings Bryan (19. mars 1860–26. juli 1925) var ein amerikansk advokat, statsmann, og politikar fødd i Salem i Illinois i USA.
Bryan var tre gonger nominert som demokratane sin kandidat til president for USA og var ein av dei mest populære talarar i historia til USA, kjent for si djupe, bydande stemme.[treng kjelde]
Bryan var ein overtydd presbyterianar, ein sterk forkjempar for folkeleg demokrati, ein uttalt kritikar av bankvesenet og jarnbane-investorar og eigarane,[treng kjelde] og han var ein leiar for «sølv-rørsla» på 1890-talet. Han var ein dominerande figur i Det demokratiske partiet, aktivist for fred, tilhengar av forbod i alkoholpolitikken, motstandar av darwinismen og ein av dei mest prominente populistiske leiarane på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet i USA. [treng kjelde]
William Jennings Bryan døydde i Dayton i Tennessee.