Werfen
Utsjånad
Werfen er ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet St. Johann im Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 153,3 km² og i kring 3 000 ibuarar. Landsbyen Werfen Markt ligg 548 meter over havet ved elva Salzach, seks kilometer nord om Bischofshofen.
Sommarturismen er viktig for kommunen der det største turistmålet er Eisriesenwelt, verdas største isgrotte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Werfen» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2019.