Vsevolod Garsjin
Vsevolod Garsjin | |
Portrett av Vsevolod Garsjin (1884) av Ilja Repin. | |
Verkeleg namn | Всеволод Михайлович Гаршин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 2. februar 1855 Bakhmutsky Uyezd |
Død |
24. mars 1888 (33 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar, lyrikar, kunstkritikar |
Far | Mikhail Yegorovich Garshin |
Mor | Ekaterina Stepanovna Akimova |
Ektefelle | Nadezhda Zolotilova |
Vsevolod Garsjin på Commons |
Vsevolod Mikhailovitsj Garsjin (14. februar 1855–5. april 1888) var ein russisk forfattar.
Garsjin var fødd i Jekaterinoslav. Han studerte til bergingeniør i St. Petersburg då han vart kalla inn til krigsteneste i den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878. Etter å ha vorte såra, skreiv han forteljinga Tjetyre dnja (Fire dage). Fire dage fortel om ein russisk soldat etterlaten på slagmarka for å døy, jamsides han ligg ein tyrkisk soldat som har falle for kulene hans. Forteljinga er ein open protest mot krigen, og viser sympati for alt liv. Andre kjende forteljingar er Attalea Princeps (1879), Krasnyj tsvetok (Den røde blomst, 1883), En opplevelse og andre. Den røde blomst hentar handlinga frå ein institusjon for sinnslidande, og er hans mest karakteristiske verk.
Garsjin skreiv med psykologisk innleving. Litteratar som Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin, Anton Tsjekhov og Ivan Turgenjev sette stor pris på litteraturen hans.
Garsjin var manisk-depressiv og budde i periodar på lukka anstaltar. I 1888 tok han livet sitt i St. Petersburg ved å kaste seg utfor ein trappeoppgang.
Verk på norsk
[endre | endre wikiteksten]- Fire fortællinger. 1892
- Seks fortællinger. 1893
- Nadeshda Nikolajevna. 1893
- Mindre fortællinger. 1894
- En nat. 1895
- Den raude blomen. 1895[1]
- Den røde blomst og andre noveller. 1916
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vsevolod Garsjin» frå Wikipedia på svensk, den 24. januar 2011.
- Fotnotar
- ↑ Den 17de Mai (1895) nr.108-110 og 113-115