Voltige
Voltige (frå fransk la voltige) er turn til musikk på hesteryggen.
Ein ekvipasje i voltige er sett saman av ein hest, ein longør og ein eller fleire voltigørar. Longøren har hesten i ei lang line (longeline) og fører han i ein sirkel eller volte. Voltigøren eller voltigørane turnar på hestryggen. Grunnleggande dugleikar i voltige er mellom anna spenst, balanse, styrke og teknikk. Voltige, som er den nyaste idrettsgreina til Norges Rytterforbund, har vore eiga grein sidan 1996.
Konkurranse
[endre | endre wikiteksten]Ein konkurranse i voltige er sett saman av obligatorisk program og ein fristildel kalla kür, der utøvarane sjølv set saman programmet.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Voltige førekjem også i oppvisningar og sirkusnummer, samt i terapiriding for folk som har ulike funksjonshemminger. Mange rideskular brukar også voltige i rideundervisninga.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om voltige hos Norges Rytterforbund Arkivert 2012-05-08 ved Wayback Machine.