Vassveg
Utsjånad
Vassveg er ei seglbar elv, innsjø, havstrekning eller kanal som kan brukast til samferdsel.[1] For at ein vassveg skal reknast som seglbar må han tilfredsstilla fleire kriterium:
- Vassvegen må vera djup nok for djupgangen til fartøya som bruker han.
- Vassvegen må vera brei nok til at fartøya som bruker han kan passera.
- Vassvegen må vera fri for hindringar som fossar og stryk, eller ha ein veg rundt dei (som slusar og båtheisar).
- Strømmen i vassvegen må vera svak nok til at fartøya kan røra seg mot han.
Fartøy som bruker vassvegar varierer frå små prammar til enorme havgåande tankskip og cruiseskip.
Kanalar
[endre | endre wikiteksten]Kanalar er vassvegar som er bygde for å gje ei ny transportrute for fartøy (i motsetnad til å forbetra ein naturleg vassveg langs den eksisterande traseen). Til å byrja med bygde ein kanalar hovudsakleg for små fartøy trekte av hestar eller andre trekkdyr. I nyare tid er det blitt laga større kanalar for å gjera mogleg passering av store havgåande fartøy (sjå skipskanal).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «vandvej —», ordnet.dk, henta 10. februar 2023
- Denne artikkelen bygger på «Vannvei» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2023.