Valentin
Utsjånad
Valentin er eit mannsnamn som stammar frå det latinske Valentinus, som er avleidd frå valens som tyder 'sunn, sterk'.[1] Det kan også vera eit tysk og spansk etternamn.
Valentin kan også skrivast med W, Walentin. Den engelske forma av namnet er Valentine, med kortforma Val. Valentino er ei italiensk form. Namnet finst også på til dømes ungarsk som Bálint, på walisisk som Folant, og på polsk som Walenty. Valentina er ei kvinneleg form av namnet.
Fleire personar i tidleg kristendom heitte Valentin. Ein av desse, den heilage Valentin av Roma, har helgendag på valentinsdagen den 14. februar. Denne datoen har Valentin namnedag i Sverig og Finland, medan Valentinus har namnedag i Danmark.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Keisar Valentinianus III av Vestromarriket
- Valentinus, gnostikar på 100-talet
- Pave Valentinus, pave i 827
- Valentin de Boulogne (ca. 1591–1632), fransk målar
- Charles-Valentin Alkan (1813–1888), fransk komponist og pianist
- Valentin Serov (1865–1911), russisk målar
- Walentin Chorell (1912-1983), finlandssvensk forfattar
- Valentín Paniagua (1936-2006), peruansk president
- Jan Valentin Sæther (f. 1944), norsk-amerikansk målar
- Valentín Elizalde (1979–2006), meksikansk songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Valentine», A Dictionary of First Names, Oxford University Press. Oxford Reference, henta 14. februar 2017
- Denne artikkelen bygger på «Valentin» frå Wikipedia på bokmål, og «Valentin» frå Wikipedia på svensk den 14. februar 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Valentin hjå Statistisk Sentralbyrå