Vacsay
Utsjånad
Vacsay Lokalt namn Bhacsaidh/Bhacsaigh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°14′N 6°55′W / 58.23°N 6.91°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 0,41 km²
|
Høgaste punkt | 34 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Vacsay (skotsk-gælisk Bhacsaidh eller Bhacsaigh, frå norrønt «bakkiey») er ei av øyane i Ytre Hebridane. Ho ligg vest for Lewis i West Loch Roag. Øya har ein storleik på 0,41 kvadratkilometer og det høgaste punktet er 34 meter over havet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Som mange av øyane i nærleiken, var Vacsay busett fram til Highland clearances, som her skjedde i 1827.[1]
Øya vart kjøpt av forretningsmannen Sirdar Baron Iqbal Singh frå London. Han har kjøpt tittelen Lord of Butley Manor og ønskjer å gje Vacsay namnet «Robert Burns' island»[1] eller Eilean Burns,[2].
Geografi og geologi
[endre | endre wikiteksten]Vacsay har ei særs forreven kystlinje og er knytt til fleire omliggande småøyar ved lågvatn, som Trathasam og Liacam. Vacsay ligg mellom øyane Vuia Mòr og Pabay Mòr utanfor Great Bernera.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vacsay» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Craig McQueen (24. januar 2008). «The Laird Of Lesmahagow». Daily Record. Henta 3. mars 2010.