URL
URL er kort for Uniform Resource Locator og viser til «adresser» på Internett. URL er ei form for URI (Uniform Resource Identifier), og dei to omgrepa blir ofte blanda saman. URLar er ofte sette saman av bokstavar og ord, og blir gjerne brukt i staden for IP-adresser, som er kombinasjonar av tal.
Ein URL er sett saman av visse delar:
- protokoll://underdomene.domene.toppdomene:port/sti/side
Til dømes:
Delane blir skilde av kolon, skråstrekar, punktum og visse andre teikn.
Soge
[endre | endre wikiteksten]URLen blei skapt i 1994 av Tim Berners-Lee, Marc Andreessen, Mark P. McCahill, Alan Emtage, Peter J. Deutsch og Jon Postel som del av den nye verdsveven. Utforminga baserte seg på unixadresser, som brukte skråstrekar til å skilja mellom ulike nivå i adressa. Tim Berners-Lee har seinare uttalt at han angra på bruk av punktum i servaraddessa, og på dei to skråstrekane først i adressa.[1][2][3]
Protokollar
[endre | endre wikiteksten]Den første delen av ein URL seier som regel kva internettprotokoll som skal brukast. Opphavleg kommuniserte brukarprogram på ulike datamaskinar via eigne propritære protokollar, men etter kvart vart det utvikla eit standardisert protokollhierarki med fleire lag. På toppen av dette hierarkiet finn ein applikasjonsprotokollar, som til dømes ftp, http, smtp, osb.
Protokoll | Føremål | Tyding | Program | Standardport |
---|---|---|---|---|
http | Nettsider på verdsveven | Hyper Text Transfer Protocol (www) | Nettlesar (browser, vevlesar) | 80 |
https | Sikker transport av data på verdsveven | Hyper Text Transfer Protocol Secure (www) | Nettlesar | 443 |
ftp | Filoverføring | File Transfer Protocol | FTP-program eller nettlesar | 21 |
irc | Chat | Internet Relay Channel | IRC-program | Dynamisk |
news | Nyhende/diskusjonsgrupper | - | Nyhendegruppelesar | 119 |
telnet | Tekstbasert tilgang til nettverksutstyr | - | Telnet-program | 23 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uniform Resource Locator» frå Wikipedia på engelsk, og «URL» frå Wikipedia på dansk den 5. august 2010.
- Fotnotar
- ↑ Uniform Resource Locators (URL)
- ↑ URL Specification
- ↑ Berners-Lee, Tim. «Frequently asked questions by the press». Henta 5. august 2010.