Tuve
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Tue.
Tuve eller tue (av norrønt þúfa) er ein rund liten topp på marka[1] som kan vera danna av jord, plantar eller plantedelar.
Danning av tuver
[endre | endre wikiteksten]Visse urteaktige plantar har ei vekstform som dannar tuver. Dette gjeld til dømes ymse typar gras, halvgras og kveke. Nokre naturlandskap er prega av tuvedannande gras, som myr- og våtmarksområde over heile verda,[2] kjølige, våte graslandskap på den sørlege halvkula[3] og tundralandskap i nord.[4] Alpin vegetasjon dannar ofte tuver, ei vernande form som kan verna dei mot kulde[5][6] og vind.[7] I myrer er tuver forhøga, tørrare delar av landskapet prega av særskilde plantar, som lyng.[8] Bærtuver blir danna ved at vekstar som blåbærlyng, tyttebærlyng o.l. veks til ei tuve. I kulturlandskap finn ein ofte grastuver på gamal eng eller i kulturbeite.
Tuver kan også vera laga av plantedelar, til dømes kan uttrykket brukast om ei såte av høy.[9] Ein del insekt lagar tuver, som maur og termittar. Maur kan til dømes laga tuver av barnåler i skog og utmark, medan nokre typar maur (jordmaur) byggjer låge tuver av laus jord på grasmark.[10]
Tuver i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Eit norsk ordtøke seier at «lita tuve kan velte stort lass», det vil seia at ei lita hindring kan ha ein stor verknad.[9][11]
Ein finn også tuver i faste uttrykk som «å sitja trygt på tuva si» om nokon som sjølv er i ein trygg situasjon medan andre har problem,[9][11] eller «å sitja på kvar si tuve» om folk eller grupper som avsondrar seg frå kvarandre og ikkje samarbeider.[12][13]
Tuver kan også visa til gravstader. Ei særskild form av urnegrav der den gravlagde urna er dekka av ein låg haug blir kalla «tuvegrav», og er særleg utbreid i Jylland.[14] Omgrepet er blitt brukt litterært om å vera død og gravlagd, som i Olaf Liljekrans av Henrik Ibsen:
- Ak! At jeg laa under grønnen Tue,
- Stedet til evig Hvile![15]
Det kan også brukast om noko som er forsvunne, som av norsk-amerikanaren Simon Johnson om barndomsheimen, som han skildra som «en knapt merkbar tue i en hveteåker».[16]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tuve av Paspalum urvillei.
-
Tuve av sølvbunke (Deschampsia cespitosa) ved vasskanten.
-
Tuvelandskap i Alaska.
-
Tuver i våtmark i Michigan.
-
Tuvegraslandskap på New Zealand.
-
Halvgrastuve i Japan.
-
Laysanalbatrossungar blant tuver av Cenchrus ciliaris på Cargo Pier Sand Island på Hawaii.
-
Maurtuve.
-
Ape på maurtuve i Kidepo nasjonalpark i Uganda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «tuve» i Nynorskordboka.
- ↑ Lawrence, Beth A.; Zedler, Joy B. (2011). «Formation of tussocks by sedges: effects of hydroperiod and nutrients». Ecological Applications (på engelsk) 21 (5): 1745–1759. ISSN 1939-5582. doi:10.1890/10-1759.1. Arkivert frå originalen 9. juni 2021. Henta 9. juni 2021.
- ↑ «grassland | Definition, Animals, Plants, Types, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juni 2021
- ↑ Sullivan, Patrick F.; Sveinbjörnsson, Bjartmar (2010). «Microtopographic Control of Treeline Advance in Noatak National Preserve, Northwest Alaska». Ecosystems 13 (2): 275–285. ISSN 1432-9840.
- ↑ «høyfjellsplanter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. august 2019.
- ↑ «Planteøkofysiologi - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no (på norsk), henta 13. juni 2021
- ↑ Halvor Aarnes (23. august 2006). «Økologi» (PDF). s. 110.
- ↑ «Maridalens Venner : Natur- og kulturmarksbegreper», www.maridalensvenner.no, henta 13. juni 2021
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «tuve» i Norsk Ordbok
- ↑ «Svart jordmaur», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 9. juni 2021
- ↑ 11,0 11,1 «tue» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «- Satsing på utlandet må vera samstemt! • ballade.no», ballade.no (på norsk bokmål), 24. januar 2006, henta 9. juni 2021
- ↑ Svendsen, Karin E. (21. mars 2004), «Kjøkken: Matnyttig matprat», fagbladet.no (på norsk bokmål), henta 9. juni 2021
- ↑ «urnegrav». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 7. september 2020.
- ↑ «Henrik Ibsens skrifter: Olaf Liljekrans - første hovedversjon, TarkUiB NT344r (rollehefte, Olaf)», www.edd.uio.no, henta 13. juni 2021
- ↑ Gulliksen, Øyvind T. (25. februar 2020). «Simon Johnson». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).