Turbin
Utsjånad
Turbin er ei nemning på ein vasskraft- eller vindkraftmaskin som omset energien i ein væske- eller gassstraum til mekanisk energi i form av ei rotasjonsrørsle. Eit turbinhjul fangar opp rørsleenergien.
Vassturbinar vert nytta i til dømes kraftverk, medan gassturbinar mellom anna vert nytta som skipsmotorar og i jetmotorar.
Turbintypar
[endre | endre wikiteksten]- vassturbin (vasskraftmaskin)
- vindturbin (vindkraftmaskin)
- dampturbin (varmekraftmaskin)
- gassturbin (varmekraftmaskin)
Monument
[endre | endre wikiteksten]I 2018 vart eit peltonturbin-hjul frå Sima kraftstasjon reist som eit monument i Eidfjord sentrum.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tale Hauso; Mats Arnesen; Christian Lura (1. juni 2018). «Her pensjonerer dei turbinkjempa». NRK Hordaland.