Tsjeka
Utsjånad
Tsjeka var det sovjetiske politiske politiet, grunnlagt 1917. Tsjeka er ei kortform for (Vserossijskaja) tsjresvytsjajnaja komissija: "Den allrussiske ekstraordinære kommisjonen". Det var Feliks Dsjersjinskij som leidde Tsjekaen, som sidan kom til å bli omgjort til tryggingstenesta GPU, som vart samanslått med NKVD, og som i sin tur vart KGB (og som i dag er etterfølgt av FSB). Også tsar-Russland hadde eit politisk politi, det vart kalla Okhrana.