Trisha Yearwood
Trisha Yearwood | |||
Trisha Yearwood på scenen i Washington, D.C. (oktober 2010). | |||
Fødd | 19. september 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Monticello i Georgia i USA | ||
Fødenamn | Patricia Lynn Yearwood | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1985 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap |
| ||
Verka som |
| ||
Gift med | Garth Brooks | ||
Prisar | Country Music Association Award for International Achievement, Country Music Association Award for Female Vocalist of the Year, Country Music Association Award for Female Vocalist of the Year |
Patricia Lynn Yearwood (fødd 19. september 1964)[2] er ein USA-amerikansk countryartist, skodespelar, forfattar, TV-kjendis og kjendiskokk. Ho vart kjend i 1991 med debutsingelen «She's in Love with the Boy», som gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista i USA. Det sjølvoppkalla debutalbumet seld eover to millionar eksemplar, og Yearwood fortsette med ei rekkje store countryhittar tidleg og midt på 1990-talet, som «Walkaway Joe» (1992), «The Song Remembers When» (1993), «XXX's and OOO's (An American Girl)» (1994), «Believe Me Baby (I Lied)» (1996) og «How Do I Live» (1997).
Singelen «How Do I Live» i 1997 nådde andreplassen på countrylista og vart òg ein internasjonal hit. Denne kom ut på den første samleplata hennar, (Songbook) A Collection of Hits (1997). Albumet selde til 4x platinaplate i USA med hittane «In Another's Eyes» og «Perfect Love». Yearwood fortsette rekkja med hittar dei neste åra, som «There Goes My Baby» og «I Would've Loved You Anyway». Ho gav ut det tiande studioalbumet, Jasper County i 2005, som gjekk rett inn på toppen av Billboard Top Country Albums-lista og nådde topp 10 på Billboard 200. Det vart det raskast seljande albumet hennar i USA. Yearwood signerte for Big Machine Records 2007 og gav ut det kritikarroste Heaven, Heartache and the Power of Love det same året.
Yearwood tok fleire års pause frå musikarkarrièren for å fokusere på andre ting. Ho publiserte tre suksessrike kokebøker, som gjekk inn på bestseljarlista til New York Times. I 2012 byrja ho ein matserie på Food Network kalla Trisha's Southern Kitchen, som seinare vann ein Daytime Emmy Award. Yearwood har selt over 15 millionar plater verda over.[3] Arbeidet hennar har gjeve ho fleire prisar og nominasjonar, inkludert tre Grammyprisar, tre prisar frå Academy of Country Music og tre prisar frå Country Music Association. Yearwood har òg vore fast medlem av Grand Ole Opry sidan 1999.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Trisha Yearwood (1991)
- Hearts in Armor (1992)
- The Song Remembers When (1993)
- The Sweetest Gift (1994)
- Thinkin' About You (1995)
- Everybody Knows (1996)
- Where Your Road Leads (1998)
- Real Live Woman (2000)
- Inside Out (2001)
- Jasper County (2005)
- Heaven, Heartache and the Power of Love (2007)
- PrizeFighter: Hit After Hit (2014)
- Christmas Together (med Garth Brooks) (2016)
- Let's Be Frank (2018)
- Every Girl (2019)
- Singlar
(utval)
- «That's What I Like About You» (1991)
- «Perfect Love» (1998, førsteplass på Hot Country Songs-lista og Country Airplay-lista)[4][5]
- «I'll Carry You Home» (2020)[6]
Filmar
[endre | endre wikiteksten]Tittel | År | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
The Thing Called Love | 1993 | Seg sjølv | Cameo |
Dr. Quinn, Medicine Woman | 1994 | Kordirigent | Episode: «A First Christmas» |
Ellen | 1996 | Seg sjølv | Episode: «Not So Great Expectations» |
JAG | 1997–2002 | Lt. Cmdr. Teresa Coulter | 6 episodar |
Trisha's Southern Kitchen | Sidan 2012 | Programleiar | Daytime Emmy Award for Outstanding Culinary Program (2013)[7] |
Who Do You Think You Are? | 2013 | Seg sjølv | |
Kelly Clarkson's Cautionary Christmas Music Tale | Musikalsk gjest | ||
Nashville | 2014 | Seg sjølv | Cameo |
The Passion | 2016 | Jomfru Maria | |
CMA Country Christmas | 2019 | Programleiar | Spesialshow |
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- Georgia Cooking in an Oklahoma Kitchen (2008)
- Home Cooking with Trisha Yearwood (2010)
- Trisha's Table (2015)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trisha Yearwood» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dukes, Billy. «7 Things Only Trisha Yearwood Can Tell You About Her Country Music Hall of Fame Exhibit». Taste of Country. Henta 5. juli 2019.
- ↑ «Trisha Yearwood Biography». The Biography Channel / A+E Networks. Arkivert frå originalen 5. januar 2014. Henta 21. november 2020.
- ↑ Cindy Watts (19. august 2014). «Trisha Yearwood announces first album in 7 years». The Tennessean.
- ↑ «Trisha Yearwood - Hot Country Songs». Billboard. Henta June 2, 2021.
- ↑ «Trisha Yearwood - Country Airplay». Billboard. Henta June 2, 2021.
- ↑ Oermann, Robert K. «DISClaimer Singles Reviews: Trisha Yearwood, Chrissy Metz, Chapel Hart, And More». Music Row. Henta 22 September 2020.
- ↑ «Trisha's Southern Kitchen -- Awards». IMDb. Henta 21. november 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1964
- USA-amerikanske countrysongarar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske skodespelarar
- USA-amerikanske programleiarar
- USA-amerikanske sakprosaforfattarar
- USA-amerikanske kokkar
- Countrymusikarar frå Georgia
- Grammy-vinnarar
- Grand Ole Opry-medlemmar
- Folk frå Monticello i Georgia
- Medlemmar av Country Music Association