Toni Kroos
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 4. januar 1990 (34 år) | ||
Fødestad | Greifswald | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Midtbane, ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayern München | ||
Nummer | 39 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1997-2002 2002-06 2006-07 |
Greifswalder SV Hansa Rostock Bayern München | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2007- 2009-10 |
Bayern München Bayer Leverkusen (lån) |
130 (13) 43 (10) | |
Landslag | |||
2008-09 2010- |
Tyskland U21 Tyskland |
10 (2) 44 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014 |
Toni Kroos (fødd 4. januar 1990 i Greifswald i Mecklenburg-Vorpommern) er ein tysk fotballspelar som har spela for Bayern München i tysk Bundesliga og for Tyskland sitt landslag.
Kroos kom til Bayern München sitt ungdomslag i 2006. Han debuterte for A-laget som 17-åring, 26. september 2007. Han spelte 12 ligakampar for Bayern i 2007/08-sesongen, då dei vart tyske seriemeistrar. Frå januar 2009 til sommaren 2010 var han på lån hjå Bayer Leverkusen. Han vart igjen seriemeister med Bayern i 2013 og 2014, var med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året.
Kroos debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp mot Argentina. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte som innbytar i fire kampar: Den siste gruppekampen, mot Ghana, kvartfinalen, semifinalen og bronsefinalen. I fotball-EM i 2012 spelte han i fire av Tyskland sine fem kampar, tre gonger som innbyttar og éin kamp frå start.
Veslebroren hans, Felix, er òg profesjonell fotballspelar, i 2010/11-sesongen hjå Werder Bremen, med aldersbestemte landskampar for Tyskland.