[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Tomorrow av Gianluca Bezzina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Tomorrow»
Eurovision Song Contest 2013
Land Malta
Artist(ar) Gianluca Bezzina
Språk Engelsk
Komponist(ar) Boris Cezek og Dean Muscat
Låtskrivar(ar) Boris Cezek og Dean Muscat
Resultat
Malta i Eurovision Song Contest
«This Is the Night»
(2012)
«Tomorrow»

«Tomorrow» var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Gianluca Bezzina. Songen er skriven av Boris Cezek og Dean Muscat.

Malta Eurovision Song Contest 2013

[endre | endre wikiteksten]

Public Broadcasting Services (PBS) valde ut 24 songar, mellom dei «Tomorrow» av Gianluca Bezzina, som fekk delta i semifinalen i Malta Eurovision Song Contest 2013, den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraga vart presentert i fjernsynsprogrammet Xarabank. 16 bidrag gjekk vidare til finalen og vinnaren vart valt av 7/8 jury og 1/8 telefonrøysting.

Songen starta som nummer 21, etter «Keep Believing» av Raquela og før «In Control» av Amber. Bidraget gjekk vidare til finalen.

Songen starta som nummer tolv, etter «When it's Time» av Claudia Faniello og før «Never Walk Away» av Chris Grech. Bidraget vann med 92 poeng, 82 poeng frå juryen og 10 poeng frå fjernsynssjåarane, og vil representere Malta i Eurovision Song Contest 2013.

Etter sigeren i Malta Eurovision Song Contest 2013 vart det klårt at «Tomorrow» vil representere Malta i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Malta vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.