Tim Hart
Tim Hart | |||
Fødd | 9. januar 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lincoln i Lincolnshire i England | ||
Død | 24. desember 2009 (61 år) | ||
Dødsstad | La Gomera på Kanariøyane | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966–88, 1995, 2008 | ||
Sjanger | Britisk folkrock | ||
Instrument | Akustisk gitar, dulcimer, orgel, 5-strengs banjo, mandolin, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Steeleye Span | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar, fotograf |
Tim Hart (9. januar 1948–24. desember 2009) var ein engelsk visesongar og multi-instrumentalist, mest kjend for å ha vore med å starte opp det britiske folkrockbandet Steeleye Span.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Hart byrja å spele med Maddy Prior i 1966 på forskjellige viseklubbar i England. I 1968 og 1969 spelte duoen inn to album: Folk Songs of Olde England, Volum 1 og 2.
Frå 1970 til 1982 var Hart og Prior ryggrada i Steeleye Span. Her bidrog Hart med musikalsk dugleik på ei rekkje instrument, somme elektriske, som akustisk gitar, dulcimer, orgel, banjo, mandolin, bjøller, tabor og skei, i tillegg til at han song.[1] Hart song nesten berre på dei tradisjonelle songane bandet spelte inn. Steeleye Span nådde størst suksess i 1975. Dei turnerte i USA og Australia og brukte stadig oftare elektriske instrument. Det gjekk nedover med platesalet etter kvart og i 1978 annonserte dei ein farvellturné i Storbritannia. Dei kom derimot saman att i 1980-åra og bandet er framleis aktivt i dag.
Då bandet vart oppløyst nytta Hart høve til å gje ut eit soloalbum, Tim Hart, i 1979. I 1981 spelte Hart inn to album med barnesongar.
Helsa til Hart vart dårleg og i 1988 flytta han til La Gomera, ei lita øy i Kanariøyane. Han gav seg då med musikken og vart forfattar og fotograf. Han skreiv mellom anna e reisehandbok for La Gomera, La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004) der han tok alle fotografia sjølv.
I desember 2008 fekk Hart diagnosen lungekreft og vende attende til England for å få medisinsk hjelp.[2] I desember 2009 reiste han heim att til La Gomera, der han døydde i heimen sin på julaftan, 61 år gammal.[3]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Tim Hart and Maddy Prior
- Folk Songs of Olde England Vol. 1 (1968)
- Folk Songs of Olde England Vol. 2 (1968)
- Summer Solstice (1971)
Tim Hart
- Tim Hart (1979) Chrysalis CHR 1218
Tim Hart and Friends
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- Throbs (1978)
- La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tim Hart» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Plateomslag for dei første seks platene med Steeleye Span.
- ↑ Photo by Oliver Weber Arkivert 9. juni 2009 ved Wayback Machine.
- ↑ Tim Hart, of folk group Steeleye Span, dies aged 61, BBC News
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 30. oktober 2020, henta 17. april 2019