Thorstein Fretheim den yngre
Thorstein Fretheim den yngre | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1867 Ådal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 9. februar 1927 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, prest | ||
Ektefelle | Helga Fretheim | ||
Alle verv |
|
Thorstein Fretheim (26. februar 1867–9. februar 1927) var ein norsk prest, skulemann og Venstre-politikar. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1913 til 1918.
Fretheim var fødd i Ådal i Buskerud, der far hans var lærar, men voks for ein del opp på Eidsvoll. Han vart student i 1887 og cand. theol. i 1893, tok den praktisk-teologiske eksamen i 1895. Året etter tok han eksamen i samisk. Tida 1893-97 underviste han på ulike skular. I 1897 reiste han til Wisconsin i USA for å arbeide som prest ved norske evangelisk-lutherske kyrkjelydar. Frå 1901 var han tilbake i Noreg, og virka som kallskapellan i Vanse fram til 1903. Dei nest fem åra var han hjelpeprest i Østerdalens fjelldistrikt, residerande kapellan i Nes i Akershus frå 1909. Seinare var han sokneprest i Idd, Halden og Kråkstad.
Fretheim sat to periodar på Stortinget. Han var medlem i kyrkjekomiteen både i 1913-15 og 1916-18, den siste perioden også som komitéleiar. Fretheim var også involvert i lokalpolitikken i både Vanse, Rendalen, Nes i Akershus og Idd. Han var anten medlem av heradsstyret eller skulestyret. Elles var han formann i ei rekke foreiningar.
Kreftsjuk døydde Fretheim i 1927 i Kråkstad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Thorstein Fretheim den yngre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv