The Nice
The Nice | |||
The Nice i Ernst-Merck-Halle i Hamburg i Vest-Tyskland den 28. mars 1970[1] | |||
Opphav | London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967–70, 2002 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Immediate, Charisma | ||
Tidlegare medlemmer | Keith Emerson Lee Jackson David O'List Ian Hague Brian Davison |
The Nice var eit engelsk progressivt rockeband som var aktivt i slutten av 1960-åra. Det blanda rock, jazz og klassisk musikk, og var det første kommersielt suksessrike bandet med klaverspelaren Keith Emerson.
Gruppa vart skipa i 1967 av Emerson, Lee Jackson, David O'List og Ian Hague for å akkompagnere soulsongaren P.P. Arnold. Etter at Hague vart erstatta av Brian Davison byrja gruppa for seg sjølv og fekk raskt eit trufast publikum. På scenen fekk Emerson vist seg fram som showmann der han spelte og misbrukte Hammondorgelet sitt med radikale omarrangement av klassiske musikktema og Bob Dylan-songar.
Bandet fekk størst suksess med ein instrumental versjon av Leonard Bernstein sin «America», før O'List slutta i gruppa. Dei attverande medlemmane fortsette som ein trio, og gav ut fleire album, før Emerson valde å slutte i bandet tidleg i 1970 for å skipe Emerson, Lake & Palmer. Gruppa kom saman for ei kort tid i 2002 og spelte fleire konsertar.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Keith Emerson (fødd 2. november 1944, Todmorden, Yorkshire – død 11. mars 2016) – orgel, piano, vokal (1967–1970, 2002)
- Keith «Lee» Jackson (fødd 8. januar 1943, Newcastle upon Tyne) – bass, gitar, vokal (1967–1970, 2002)
- David «Davy» O'List (fødd 13. desember 1948, Chiswick, London) – gitar, vokal (1967–1968)
- Ian Hague – trommer, perkusjon (1967)
- Brian «Blinky» Davison (fødd 25. mai 1942, Leicester, Leicestershire – død 15. april 2008) – trommer, perkusjon (1967–1970, 2002)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- The Thoughts of Emerlist Davjack (Immediate, 1968)
- Ars Longa Vita Brevis (Immediate, 1968)
- Nice (òg kalla Everything As Nice As Mother Makes It) (Immediate, 1969) - [UK #3]
- Five Bridges (Charisma, 1970) - [UK #2 US #197]
Konsertalbum
[endre | endre wikiteksten]- Elegy (Charisma, 1971) - [UK #5]
- America – The BBC Sessions (Receiver, 1996)
- The Swedish Radio Sessions (late 1967) (Sanctuary, 2001)
- BBC Sessions (Sanctuary, 2002)
- Vivacitas (Sanctuary, 2003)
- Live at the Fillmore East December 1969 (Virgin, 2009)[5]
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «The Thoughts of Emerlist Davjack» / «Azrial (Angel of Death)» (Immediate IM 059, November 1967)
- «America» / «The Diamond Hard Blue Apples of the Moon» (Immediate IM 068, 21. juni 1968) - [UK #21]
- «Brandenburger» / «Happy Freuds» (Immediate IM 072, 8. november 1968) - [UK / Europe]
- «Hang on to a Dream» / «Diary of an Empty Day» (Immediate, 1969) - [Europe]
- «Country Pie» / «One of Those People» (Charisma, 1969)[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Nice» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hanson 2002, s. 126.
- ↑ Pete Prown; HP Newquist (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists. Hal Leonard Corporation. s. 78. ISBN 978-0793540426. «...British art rock groups such as the Nice, Yes, Genesis, ELP, King Crimson, the Moody Blues, and Procol Harum...»
- ↑ Maxwell, Tom (29. desember 2015). «Lemmy’s Six-Decade Rock and Roll Journey, in Extremely Loud Videos». Slate magazine.
- ↑ Greene 2016, s. 183.
- ↑ 5,0 5,1 Strong 2000, s. 695–6.