Tawari
Utsjånad
Tawari | |
Tawari | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Crossosomatales |
Familie: | Strasburgeriaceae |
Slekt: | Ixerba |
Art: | Tawari I. brexioides |
Vitskapleg namn | |
Ixerba brexioides |
Tawari (Ixerba brexioides) er eit dekkfrøblada blomeberande tre, det einaste medlemet av den einaste karplantefamilien som er endemisk (stadeigen) på New Zealand. Det finst berre på Nordøya, mellom Waitomo og Kaitaia, og er brukt i produksjon av honning. Treet veks ofte i område med kauritre.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Treet kan veksa seg opp til 15 meter høgt med ein stamme frå 10 til 20 cm i diameter. Det har vakre, kvite blomar, og blømer frå oktober til sist i desember, vanlegvis seinare di høgare og lenger sør det veks[1].
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Salsside for Tawarihonning med bilete av blomane., arkivert frå originalen 2. juni 2010, henta 29. september 2008
- Delar av denne artikkelen bygger på «Ixerba» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2008.