Svelvik kommune
Svelvik kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Adm.senter | Svelvik | ||
Areal | 58 km² | ||
• land | 56 km² | ||
• vatn | 2 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Andreas Muri (H) | ||
Kommunenr. | 0711 | ||
Svelvik kommune 59°37′25″N 10°22′18″E / 59.623611111111°N 10.371666666667°E | |||
Kart som viser Svelvik kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Svelvik (former municipality) | |||
Nettstad: www.svelvik.kommune.no |
Svelvik var ein kommune og ein tettstad i Vestfold fylke. Kommunen grensa i nord til Drammen og i vest til Sande. Aust for Drammensfjorden låg Røyken og Hurum.
Ein stor del av busetnaden ligg ved kysten/fjorden, særleg småbyen Svelvik med 3923 innbyggarar, og Berger med 1114 innbyggarar. Lenger inne er det jordbruksland og skogkledde åsar.
Namnet Svelvik kjem frå gamalnorsk Sverðvík. Fyrsteleddet er uvisst og går kanskje tilbake på eldre *Sverfð- til gamalnorsk sverfa «kvervle, gå i ring», eller ei allmenn tyding «straum». Ei anna tolking er «boge» om kystlina på Hurumlandet
Historie
[endre | endre wikiteksten]Svelvik fekk status som ladestad i 1845. Strømm og Svelvik vart skilt ut frå Hurum prestegjeld i 2. mars 1861. På 1800-talet fungerte Svelsvik som vinterhamn for Drammen. Sjøfart med seglskuter stod for mykje av sysselsettinga i Svelvik gjennom det meste av det 19. hundreåret. Kommunestyret i Svelvik vedtok i 1998 at tettstaden Svelvik skulle vere by.
Den 1. januar 2020 slo Svelvik seg saman med Nedre Eiker og Drammen til nye Drammen kommune.[1] Kommunen bytta då også fylke, og vart ein del av det nye Viken fylke.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Forskrift om sammenslåing av Drammen kommune, Nedre Eiker kommune og Svelvik kommune til Drammen kommune, Buskerud og Vestfold - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020