Svein Longva
Svein Longva | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. desember 1943 |
Død | |
Yrke | samfunnsøkonom |
Far | Per Longva |
Svein Longva (fødd 20. desember 1943 i Oslo, død 16. april 2009) var utdanna cand.oecon. og arbeidde i Statistisk sentralbyrå frå 1968 til 2004. Frå 1991 var han administrerande direktør same stad. Frå 1. januar 2005 og til han døydde var han riksmeklingsmann.
I tillegg var han mellom anna leiar av Teknisk beregningsutvalg (TBU), Levekårsutvalget av 1993, Barnefamilieutvalget av 1996, og medlem av Sysselsettingsutvalget. Han var også styremedlem i Vestlandsforsking og Transportøkonomisk institutt, og leidde i perioden 1999–2003 samarbeidsorganet for europeiske statistikkbyrå, The Bureau of the Conference of European Statistician (CES). Longva var også professor II ved Universitetet i Bergen frå 1989 til 1992.
Han vart i 2004 utnemnd til riddar av fyrste klasse i Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for det store samfunnsengasjementet sitt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Fra tallsnekrer til riksmegler» i Samfunnsspeilet nr. 6, 2004.
- «Svein Longva er død» på NRK.no