Svein Håkonsson Ladejarl
Svein Håkonsson | |||
Jarl av Noreg | |||
Regjeringstid | 1000–1016 Sams styre med Eirik Håkonsson 1000–1015 | ||
---|---|---|---|
Norrønt | Sveinn Hákonarson | ||
Fødd | ca. 970 | ||
Død | 1016 | ||
Dødsstad | Sverige eller Gardarike | ||
Gift med | Holmfrid av Sverige | ||
Dynasti | Ladejarlane | ||
Far | Håkon Sigurdsson Jarl | ||
Mor | Tora Skagesdatter | ||
Born | Gunnhild Sveinsdotter |
Svein Håkonsson Ladejarl (ca. 970–1016) var ein norsk jarl og herskar over Noreg frå 1000 til 1015. Foreldra hans var Håkon jarl den mektige og Tora Skagedotter.[1]
Ektefødd son av Håkon jarl den mektige
[endre | endre wikiteksten]Håkon jarl hadde mange born, dei fleste fødd uekte. Svein var ein av tre som etter sogene blei fødde i Håkon jarl sitt ekteskap med Tora Skagedotter (dei andre var sonen Heming og dottera Bergljot). Dei norrøne kjeldene gir oss særs få opplysningar om ladejarlen Svein Håkonsson, han er omtala i kongesogene og i nokre av dei islandske ættesogene, men han er nemnd i berre to samtidig skaldekvad som vi veit om, Nesjavisur[2] og Austfararvisur[3] begge av Sigvat Skald. Han må ha vore ein sentral hovding i Noreg medan han levde, men norske sogeskrivarar, både i gamal og ny tid, omtalar han berre i liten grad. Ladejarlane blei som oftast nemnde i sogelitteraturen berre i tilknyting til forteljingar om kongane og blei ikkje funne særs interessante som sjølvstendige, historiske personar.
Liv og lagnad
[endre | endre wikiteksten]Frå sogene kan ein få det inntrykket at han heile livet stod i skuggen av halvbroren, Eirik jarl. Men så var det også slik at Eirik jarl var eldst, og den fremste av brørne i all styringa. I fyrsteslektene på den tida hadde alle born lik status, utan omsyn til om dei var ekte-fødde eller ikkje.
Truleg hadde Svein jarl hirdskaldar hjå seg, slik som dei andre ladejarlane, men berre ein, Berse Skaldtorfuson, er nemnt. Av skaldeverka hans er lite bevart, og ingen der Svein jarl er omtala.
Svein Håkonsson var med i slaget i Hjørungavåg (norrønt Hjǫrungavágr) men han var då truleg særs ung, kanskje berre 16 år. Då Olav Tryggvason erobra Noreg og drap Håkon jarl i år 995, måtte ladejarlane rømme or landet. Svein jarl var då truleg blitt 25 år gamal, og saman med vener og slektningar rømde han til Sverige. Der fekk han tilhald hos kong Olof Skotkonung, som nett det året var blitt konge etter at Eirik Sigersæl var død.
Noko underleg er det at ingen av kjeldene knyter han direkte til slaget ved Svolder (norrønt Svǫlðr), sjølv om det er særs truleg at han ved dette høvet var med i flåten til kong Olof Skotkonung. Snorre skreiv likevel at etter slaget blei Noreg delt og Svein jarl fekk herredømet over ein lut av riket, til liks med broren Eirik jarl. Men Snorre la til at Eirik jarl var den fremste i all styringa, og skalden Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa[4] at «landet nord for Vega og sør til Agder, og enda lenger», blei lagt under Eirik jarl. I sogeverket Ågrip blir det kort og godt opplyst at Svein og Eirik fekk Noreg etter slaget, og seinare, og då Svein Tjugeskjegg var fallen ifrå, hadde Eirik landet åleine.[5][a]
I åra 1000 til 1016 hadde såleis Svein jarl, saman med broren, styringa med Noreg, og vi har grunn til å tru at han hadde bustaden sin på Steinkjer[6] (kanskje på storgarden Egge). Hausten 1015 reiste Eirik jarl til verbror sin, kong Knut, for å hjelpe han med å erobre England. Då sette han sonen sin, Håkon Eiriksson, til å styre Noreg saman med Svein jarl. Men Snorre skriv at Håkon var berre om lag 17 år på den tida, og difor blei Einar Tambarskjelve[b] sett til å styre landet for han. Den same hausten kom Olav Haraldsson med hærmakt til Noreg. Ved Sauesundet (Saudungssundet) nord for Askvold fekk han Håkon Eiriksson jarl i si makt og forviste han frå landet. Året etter, våren 1016, blei Svein jarl overvunnen av Olav Haraldsson i slaget ved Nesjar, og seinare det året døydde han.
Lektor og magister Hallvard Gunnarssøn (ca. 1550–1608) gav i 1606 ut verket Chronicon regum Norvegiæ (Noregs kongekrønike)[7] der han førte opp Svein Håkonsson som Noregs 9. konge.
I den offisielle norske kongerekka[8] er Svein jarl ført opp som den 7. kongen, saman med broren Eirik jarl, med ei styringstid på femten år (1000–1015), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).
Slaget ved Nesjar
[endre | endre wikiteksten]Tidleg på hausten 1015 kom Olav Haraldsson til Noreg, for å erobre landet. Han drog til frendane sin på Opplanda for å få seg skip og folk der, og litt før påske året etter, segla han sørover Folda med styrken sin og var meint på å gjere hærferd nordover mot Trøndelag. Svein jarl, saman med verbror sin, Einar Tambarskjelve, hadde då alt teke laust frå Trondheimen med ein stor styrke, og dei to flåtane møttest ved ein stad som blei kalla Nesjar,[9] litt sør for Larvik. Der kom det til eit avgjerande slag der Olav Haraldsson fekk siger, og ikkje lenge etter drog han til Trondheimen og blei teken til konge over Noreg.
Etter slaget fór Svein jarl saman med Einar Tambarskjelve, til mågen sin, kong Olof Skotkonung i Sverige.[10] Dei la då opp råder om å samle folk og var meint på å gjere eit hærtog mot Olav Haraldsson om hausten, over Jemtland og ned i Trondheimen. Men aller først gjorde Svein jarl ei vikingferd austover til Gardarike. Enten medan han var der, eller stutt tid etter at han kom attende til Sverige, døydde han, nær 50 år gamal. Det blei sagt at han var blitt sjuk, men kanskje var det sår etter slaget ved Nesjar som til sist blei banen hans.
Bogen som brast
[endre | endre wikiteksten]Snorre har laga ei detaljert skildring av slaget ved Nesjar og skalden Sigvat Skald har skildra det i kvadet «Nesjavisur»[2] Men no kjenner vi òg ei eldre Olav-soge som truleg var ei av Snorre sine kjelder: Ólafs saga hins Helga,[11] truleg nedskriven ein gong i åra mellom 1160 og 1180. Der finn vi ei skildring om Einar Tambarskjelve som freistar å skyte Olav Haraldsson, om bogen hans som hans brast då han emna på det tredje skotet, og sogeskrivaren har gitt oss denne ordvekslinga:
- Då mælte jarlen: «Kva var det Einar, brast bogen din?»
- Einar svara: «Ikkje brast bogen, heller heile Noreg or handa di»
Skildringa minner sjølvsagt sterkt om Snorre si forteljing frå slaget ved Svolder, som sluttar med Einar Tambarskjelve sine ord: «For veik, for veik er kongens boge», og ein kan ikkje anna enn tru at Snorre har «flytta» både hendinga og Einar Tambarskjelve, og endra på samanhengen slik at Einar Tambarskjelve spela same rolla, men ein annan Olav var kongen og det var Eirik jarl som var målet for pileskota.
Det er ikkje vandt å sjå grunnen til Snorre si «retting»: orda og hendinga ved Nesjar kastar ein helteglans på Svein jarl; det er han som verjer Noreg mot ein urettmessig angripar. Det kunne sjølvsagt ikkje Snorre gå med på; det måtte vere slik at det var heilag-kongen som åtte landet og ikkje ladejarlane. Ved Svolder derimot, tykte han at det høvde så mykje betre, der fekk dialogen fram at det var Eirik jarl som gjekk til åtak for å erobre Noreg frå kong Olav Tryggvason, og helteglansen fall på han som Snorre meinte var den rette herskaren over landet: kong Olav. Men når ein tenkjer etter, ser ein at orda slett ikkje gav meining ved Svolder: slaget stod då ikkje om herredømet over Noreg, det var først når kongen fekk banen sin at konsekvensen blei slik.
Etterkomarar
[endre | endre wikiteksten]Opplysningane om Svein jarl sitt giftarmål med kongsdottera Holmfrid og etterkomarane deira, er usikre og nokså ulikt framstilt i kongesogene og seinare historieskriving. Mellom forskarar i nyare tid gjer òg den sedvanlege nedvurderinga av ladejarlane seg gjeldande og det blir hevda at Svein jarl berre var ein nokså ubetydeleg hovding frå Noreg og kunne umogeleg ha blitt gift med ei svensk kongsdotter. Det som synest å vere mest truverdig, er dette:
Omkring år 997 blei Svein jarl gift med Holmfrid, dotter av Eirik Sigersæl.[12] Ho var såleis syster, eller kanskje halvsyster, til kong Olof Skotkonung. Svein og Holmfrid fekk i det minste to døtre:
a) Sigrid. Snorre skriv at jarlane gjorde forlik med Erling Skjalgsson på Sola og Sigrid Sveinsdotter blei då gift med Aslak, son åt Erling.[13]
b) Gunnhild.[14]
[15] Ho blei først gift med kong Anund Jakob og var dronning i Sverige i om lag 30 år, truleg i perioden frå 1022 til 1050.
Kong Anund hadde ei dotter som blei kalla Gyda eller Gunnhild. Det er uvisst om Gunnhild Sveinsdotter var mor hennar, eller om ho var dotter av ei frillekone til kong Anund. Gyda Anunddotter blei gift med den danske kongen Sven Estridsson omkring 1047, men døydde etter stutt tid, i 1048 eller 1049. Omkring år 1050 døydde kong Anund Jakob og enka Gunnhild Sveinsdotter kom deretter til Danmark og blei gift med kong Sven Estridsson. Ho var då gift med sin tidlegare svigerson sidan ho, i alle fall reint formelt, hadde vore mor til Gyda. Men kyrkja såg på ein slik allianse som illegitim og trua med bannlysing dersom ekteskapet ikkje blei oppløyst. I 1051 eller 1052 måtte difor Gunnhild reise attende til Sverige der ho busette seg på eigedomen sin i Vest-Gøtaland. Etter ei legende skal Gunnhild ha grunnlagt Gudhem kloster utanfor Falkøping i 1052. I røynda blei dette klosteret, eit nonnekloster, grunnlagt nøyaktig hundre år seinare (i 1152), men det kan likevel tenkast at ho etablerte ein klosterliknande institusjon som var forløparen til klosteret. Adam av Bremen kallar henne «Sanctissima»[16] og omtalar hennar gjestmildskap mot den kristne misjonæren, biskop Adalward, i åra etter 1050. Ho døydde ein gong etter 1060 og det er ein tradisjon om at ho blei gravlagd i Gudhem.
Gunnhild Sveinsdotter kan ha vore mor til Svend Korsfarer (ca. 1050–1104) som vann stor ry for sin modige kamp mot tyrkarane på det første krosstoget.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Opplysningane om oppdelinga av Noreg etter slaget ved Svolder, verkar tillaga. Det er vanskeleg å tru at Eirik jarl, han som blir rekna som sigerherren ved Svolder, skulle akseptere at deler av kjerneområda til ladejarlane skulle tilfalle svenskekongen. Opplysningane om at dei to jarlane skulle ha hatt nokre av fylka i len, verkar konstruert og ein får ein mistanke om at det er sogeskrivarane sin sedvanlege nedvurdering av jarlane som er blitt gjort gjeldande. Etter år 1000 høyrer ein aldri meir noko om at svenskekongen eller danskekongen gjorde krav på dei nemnde lensfylka i Noreg og heile delingshistoria verkar lite truverdig.
- ↑ Det var truleg på denne tida at Einar Tambarskjelve blei gift med Bergljot Håkonsdotter, syster til Svein jarl.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Svein jarl» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ 2,0 2,1 Skaldic Project Arkivert 2016-04-09 ved Wayback Machine. Nesjavisur Sigvat Tordarson,
- ↑ Skaldic Project Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Austfararvisur Sigvat Tordarson
- ↑ notendur.is Arkivert 2015-09-30 ved Wayback Machine. Eiriksdråpa
- ↑ Ågrip or Noregs kongesoger kapittel 21
- ↑ Steinkjerleksikonet om Svein jarl
- ↑ Noregs kongekrønike side 149
- ↑ Den norske kongerekken (Det norske kongehus)
- ↑ Brunlanes Historielag Slaget ved Nesjar
- ↑ Soga om Olav den heilage, kap. 54
- ↑ Olafs saga hins Helga m.a. kap. 27
- ↑ Flatøyboka kap. 4
- ↑ Soga om Olav den Heilage, kap. 31
- ↑ Knytlingesaga Om Kong Svends Børn, kap.23
- ↑ TACITUS.NU Gunhild var dotter till jarlen Svein Håkonsson och Holmfrid
- ↑ Adam av Bremen Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum (latinsk tekst) Bok III, kap. 14
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Biografisk leksikon bind 15 - Biografi om Svein Håkonsson.
- Svein Håkonsson Ladejarl og Riksstyrer (NBL-artikkel av Claus Crag)
- Hellberg, Staffan (1972): Slaget vid Nesjar och «Sven jarl Håkonsson». Scripta Islandica, Uppsala 1972, sidene 21–30 (på svensk).